Hopp til innhold

Obama har peika ut ny forsvarssjef

USAs president Barack Obama har måndag utnemnt general Martin Dempsey til ny forsvarssjef.

Ny forsvarssjef i USA

Hærsjef Martin Dempsey blir ny forsvarssjef i i USA dersom president Barack Obama får det som han vil.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp

Dersom Senatet godkjenner valet, tek Dempsey over stillinga som forsvarssjef etter admiral Mike Mullen.

Bytet av forsvarssjef skal etter planen skje den 1.oktober i år. Dempsey er i dag hærsjef, ei stilling han har hatt i berre ein månad.

– Respektert og erfaren

På ein seremoni i Det kvite hus i Washington, hylla Obama Dempsey som «ein av dei mest respekterte og erfarne generalane i landet».

Fredag førre veke kunngjorde styresmaktene at presidenten har nominert CIA-sjef Leon Panetta til ny forsvarsminister.

General David Petraues er nominert til å ta over leiar-vervet i CIA.

SISTE NYTT

Siste nytt