Hopp til innhold

Obama med krasse utspel mot Netanyahu

USAs øvste sjef omtaler i kveld sin israelske kollega i uvanleg krasse ordelag. – Eg har eit businessliknande forhold til Netanyahu, seier Obama.

ISRAEL-USA/ File photo of U.S. President Obama listening as Israeli PM Netanyahu delivers a statement in Washington

USAs president Barack Obama er særs kritisk til Benjamin Netanyahu sitt utspel om at Palestina aldri blir aktuelt så lenge han er statsminister i Israel. Her er dei fotografert under eit arrangement i 2010.

Foto: JASON REED / Reuters

Det er mykje som tyder på at tolmodet til Barack Obama er kraftig innskrenka når det kjem til Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

– Me kan ikkje basere vårt diplomatiske forhold på noko som det ikkje er realistisk skal skje, sa Obama i kveld.

Med det viser Obama til forsøket på å løyse konflikten mellom Israel og Palestina ved å opprette ein eigen palestinsk stat. Ideen vert kalla tostatsløysinga.

USA forsøkte lenge å forhandle fram ei slik løysing, og utanriksminister John Kerry leia forhandlingane som til slutt stranda på vårparten i fjor.

– Må vurdere korleis USA skal handtere dette i framtida

Og betre vart det ikkje for amerikanarane då Netanyahu, kort tid før folket i Israel skulle gå til valurnene tidlegare denne månaden, gjekk ut og sa at det ikkje kom til å bli nokon palestinsk stat så lenge han regjerte i landet.

I dag seier Barack Obama at utspelet til Netanyahu gjer det veldig vanskeleg å få til ein palestinsk stat.

– Me skal halde fram med å engasjere israelske styresmakter og palestinarar i samtaler, men me kan ikkje late som at det finst ein moglegheit til ei løysing, sa Obama.

Deretter sa han at USA no må vurdere nøye korleis dei skal handtere Israel-Palestina-konflikten i åra som kjem.

Mange analytikarar meiner Netanyahu kom med det omstridde utspelet for å få fleire stemmer frå israelske veljarar på den yttarste høgre fløy. Og det overraskande resultatet etter valet i Israel tyder på at valvinnar Netanyahu kan ha lukkast med sin retorikk.

USA er Israels viktigaste allierte

Men etter valet tok det uvanleg lang tid før Obama tok opp røyret og ringde til Jerusalem for å gratulere Netanyahu med valsigaren.

Netanyahu har seinare trekt tilbake utspelet sitt, og sagt at han framleis støtter ei tostatsløysing. Men det er lite som tyder på at det har hjelpt mykje for USA sin del.

Obama sa i dag at han og Netanyahu ikkje har noko vennskap, men at dei derimot har eit forretningsliknande forhold.

Eit forverra forhold mellom Israel og USA kan for alvor skape problem for Israel som i mange år har fått mykje militær, og diplomatisk støtte frå sin storebror i Amerika. USA har også nytta vetostemma si i FNs Tryggingsråd mange gonger, for å stoppe resolusjonar som kritiserer Israelsk okkupasjon.

I februar talte Netanyahu til den amerikanske Kongressen, mot Obama og Demokratane si vilje.

SISTE NYTT

Siste nytt