Obama frykta bin Laden-angrep ville slå tilbake på USA

I dag er det fem år sidan Osama bin Laden vart drepen. President Barack Obama fortel at han håper verdas mest frykta terrorist i sine siste minutt skjønte at USA ville ta hemn.

US-POLITICS-OBAMA

President Barack Obama visste at han godkjente eit risikabelt oppdrag.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Fem år etter at president Barack Obama gav ordre til amerikanske kommandosoldatar at dei skal drepe Osama bin Laden, fortel han om det til CNN. Presidenten visste at han med det godkjente eit risikabelt oppdrag.

Osama bin Laden

Den frykta terroristen Osama bin Laden vart drepen av amerikanske spesialstyrkar 2. mai 2011.

Foto: AFP / Afp

Etter diskusjonen med våre øvste offiserar blei det klart for meg at dette ville bli vår beste sjanse til å ta bin Laden, seier presidenten til den amerikanske nyheitskanalen.

Obama legg til at hadde dei tatt feil mann, kunne det ført til eit tilbakeslag i Pakistan. USA kunne miste ansikt internasjonalt. Eit mislukka angrep ville vere vanskeleg å halde hemmeleg.

Ville ta hemn

I intervjuet fortel Obama at han håper bin Laden i sine siste minutt skjønte at USA ville ta hemn. På ein replikk frå CNN-journalisten om at den siste personen bin Laden såg på denne jord var ein amerikanar, svarer den amerikanske presidenten:

Og forhåpentlegvis, i den augneblinken, forstod han at det amerikanske folket ikkje hadde gløymt dei rundt 3000 som han drap 11. september 2001.

Det er fyrste gong journalistar får gjere intervju i «The situation room», kommandorommet i Det kvite hus. Der fortel den avtroppande presidenten om korleis dei i det same rommet tok avgjersla då dei jakta på verdas mest ettersøkte terrorist.

– Viss vi ikkje handla ville han kanskje sleppe unna. Det kunne tatt år før han kom opp til overflata igjen. Eg hadde tillit til at vi fekk våre folk tilbake, seier Obama.

"The situation room" i Det hvite hus

President Barack Obama, visepresident Joe Biden og utanriksminister Hillary Clinton i kommandorommet.

Foto: HANDOUT / Reuters

Paranoid

Den frykta sjefen for Al Qaida hadde opphalde seg i den pakistanske byen Abbottabad i fleire år, før han vart drepen. Det var ein av hans næraste tiltrudde som leia dei amerikanske spesialstyrkane til den frykta terroristen og gøymestaden hans 2. mai 2011.

Då hadde to nære Al Qaida-medlemmer i lang tid vore den einaste kontakten bin Laden og familien hadde med omverda.

Isolasjonen frå omverda gjorde bin Laden paranoid, skriv CNN. Han var redd han vart overvaka og relasjonen til dei to næraste medarbeidarane var spent og vanskeleg. Det kjem også fram i dokument etter bin Laden som amerikanske styresmakter slapp tidlegare i år.

Regjeringa til Obama har peika på at angrepet på bin Laden viser at trass i at presidenten har vore forsiktig, er han ikkje uvillig til å handle på vegne av amerikanske interesser og forfølgje med aggressiv handlingar mot terroristar.

USA-BINLADEN/DOCUMENTS

Huset i Abbottabad, Pakistan der Osama bin Laden i fleire år søkte tilflukt.

Foto: FAISAL MAHMOOD / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt