Hopp til innhold

Obama fjerna løfter om varslarar

På Barack Obama si valkampside frå 2008 lova han å gjere det enklare for statleg tilsette å varsle om maktmisbruk. Førre månad vart informasjonen fjerna frå nettet.

Obama i 2008

Barack Obama på eit valkampmøte i 2008. I dag er det politiske programmet hans fjerna på nettet.

Foto: DAVID ALLIO / REUTERS

Under presidentvalkampen i 2008 markerte Barack Obama seg som ein sterk borgarvernsforkjempar. På den offisielle valkampsida hans, Change.gov, stod det svart på kvitt korleis Obama stilte seg til varslarar.

Me må gjere det enklare for statleg tilsette å vere vaktbikkje dersom det skjer noko uregelmessig. Barack Obama vil styrke lovverket rundt varslarar for å beskytte statleg tilsette som avdekkjer sløsing, korrupsjon og statleg maktmisbruk. Obama vil sørgje for at føderale byrå tek varslarar på alvor, og at varslarane skal ha full tilgang til ei skikkeleg rettsbehandling.

Change.gov, Obama si valkampside

Men etter å ha vore tilgjengeleg i mange år, var informasjonen brått fjerna frå nettsidene ein gong etter 7. juni, same tid som avisa The Guardian publiserte dei første artiklane basert på informasjon frå varslaren Edward Snowden om korleis NSA driv med omfattande overvaking. Bloggen Sunlight Foundation melde først om dette.

Men gjennom arkivtenesta Wayback Machine, kan ein framleis lese korleis Obama lova å betre forholda for varslarar i staten.

– Slike handlingar vert gjort utav mot og patriotisme, som nokon gonger kan redde liv og spare skattebetalarane sine pengar. Me bør oppmuntre varslarane i staden for å slå ned på dei, skreiv Obama-kampanjen på nettsida.

Seks varslarar straffeforfølgd

Dette står i sterk kontrast til korleis presidenten har behandla varslarar i løpet av sine snart fem år som president. Obama-administrasjonen har straffeforfølgt fleire varslarar enn alle dei tidlegare presidentar samanlagt.

Dersom Snowden returnerar til USA vil han bli den sjuande varslaren som blir straffeforfølgd under Obama. Før Obama vart president eksisterte det berre tre tilfelle der varslarar måtte i retten.

Edward Snowden

Varslaren Edward Snowden sit framleis på flyplassen i Moskva, medan han ventar på asyl til Russland.

Foto: Tanya Lokshina / Human Rights Watch

Etter at Edward Snowden stod fram i Hongkong, har den amerikanske regjeringa stått hardt på forsøka om å få han utlevert og stilt for retten i USA. Både Kina og Russland har fått hard kritikk frå USA for å ikkje samarbeide om å få Snowden utlevert.

Snowden har skrive i eit brev at medan folk over heile verda har vist han støtte, så har USA svart med «ein utanomrettsleg menneskejakt som har kosta meg og familien min fridom til å reise og leve i fred utan frykt for lovlege angrep.»

Fredag sendte USAs justisminister Eric Holder eit brev til kollegaen sin i Russland, der han gir beskjed om at Snowden ikkje vil bli avretta eller torturert dersom han blir utlevert til USA.

Carter kritiserte Obama

Tidlegare president Jimmy Carter er ein av dei som har retta massiv kritikk mot felles fredsprisvinnar Barack Obama, og korleis han har gått vekk frå løfta han proklamerte under valkampen. Han meiner USA ikkje lenger har eit velfungerande demokrati.

– I ei tid då revolusjonar pregar verda, burde USA styrke, ikkje svekke dei mest elementære lover og rettar nedfelt i Den universelle menneskerettserklæringa. Men framfor å gjere verda til ein tryggare stad, førar amerikanske menneskerettsbrot til at me hjelper fiendane våre og framandgjer venane våre, uttalte Carter.

Torsdag skulle den amerikanske Kongressen avgjere om USA skulle avgrense overvakinga av internett- og telefontrafikk. Forslaget vart avvist med eit knipent fleirtal. Både demokratane og republikanarane var delt under røystinga.

SISTE NYTT

Siste nytt