Hopp til innhold

Obama ber om tverrpolitisk samarbeid

USAs president Barack Obama sa på eit pressemøte i Det kvite hus i kveld at valet i går tydeleg viste at veljarane mislikar samarbeidsproblema mellom Det republikanske partiet og Demokratane i Kongressen.

USAs president Barack Obama.

Barack Obama bad om tverrpolitisk samarbeid i Kongressen då han kommenterte valresultatet i Det kvite hus i kveld.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Det republikanske partiet vann ein klar siger over Det demokratiske partiet, partiet til presidenten, ved delvalet til Kongressen. Valresultatet er ifølgje fleire kommentatorar «det verst tenkjelege» for Obama, sidan Det republikanske partiet no har fleirtal i begge kammera i Kongressen.

– Ikkje nøgde med oss

– Valresultatet viser at veljarane ikkje er nøgde med oss her i Washington, og det er noko alle partar, også eg som president, må ta inn over seg, sa Obama blant anna i talen sin.

Obama nytta også høvet til å gratulere Det republikanske partiet med eit godt val og ein godt gjennomført valkamp, og han sa at han ser fram til å samarbeide med dei i dei to siste åra av presidentperioden sin.

Det republikanske partiet har i den inneverande perioden hatt kontroll over Representanthuset, medan Det demokratiske partiet har hatt fleirtalet i Senatet.

– Ei klar melding

– Det amerikanske folket har sendt oss ei klar melding. Dei ventar at vi i Washington skal arbeide hardt for å få jobben gjort. Vi har alle eit ansvar for innbyggjarane, og vi må vise at vi her i Washington kan arbeide hardt til beste for alle amerikanarar, sa Barack Obama blant anna.

Presidenten sa også at han i løpet av kort tid vil be Kongressen om ein ny autorisasjon for å kunne bruke makt mot terrororganisasjonen IS i Irak og Syria.

Han gjorde det også klart at han kan godta endringar av «Obamacare», ordninga som skal gi alle amerikanarar rett på helseforsikring. Han gjorde det likevel klart at han ikkje vil godta endringar som slår beina under reforma.

– Gler meg til samarbeid

– Eg gler meg til å samarbeide med den nye Kongressen. Eg er sikker på at vi deler mange idear som skal gjere det betre for det amerikanske folket. Eg trur ikkje vi blir samde om alt, men det er mange felt vi kan samarbeide på. Alle er samde om at vi treng å skape nye arbeidsplassar, vi må byggje ut infrastrukturen og vi treng ei skattereform som gjer det meir attraktivt å skape nye jobbar her i landet, sa han.

Senate House Influx Mitch McConnell

Mitch McConnell frå Det republikanske partiet blir ny fleirtalsleiar i Senatet.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Obama sa også at det å gjere forholda betre for det amerikanske folket, så er det viktigare enn hans eigne ambisjonar. Han trur også at han kan få til eit fruktbart samarbeid med den nye fleirtalsleiaren i Senatet, Mitch McConnell frå Det republikanske partiet.

Bad McConnell på bourbon

– Eg gler meg til å drikke eit glas bourbon med McConnell, sjølv om eg ikkje veit kva som er hans favorittdrink, sa presidenten også.

– Eg skal snakke med majoritetsleiarane Mitch McConnell og John Boehner for å finne ut kva som er på deira dagsorden, sa han blant anna. Han sa også at han vil bruke mykje tid saman med ei to leiande republikanarane for å finne fram til gode politiske løysingar.

Barack Obama sa også i talen sin at han vil samle alle leiarane for Kongressen til eit møte i Det kvite hus førstkomande fredag.

IS og Iran

Under spørsmålsrunden etter talen fekk Obama fleire spørsmål om utanrikspolitikk, blant anna om Iran og krigen mot terrororganisasjonen IS.

På direkte spørsmål om USA er i ferd med å vinne krigen mot IS, svarte presidenten at det er for tidleg å svare på. Han sa også at han heller vil ingen avtale med Iran om atomprogrammet, eller ein dårleg avtale.

Obama lovde også ei reform av innvandringslovene, men at dette vil skjer i form av direkte ordre innanfor fullmaktene til presidentembetet. Obama har også tidlegare hinta om ei slik løysing, sidan han på den måten kan gå utanfor Kongressen.

Dette har igjen ført til ein debatt om kor vide fullmakter presidenten bør ha.

LES OGSÅ: – Vi har filleristet Washington

LES OGSÅ: Viktige seire for svarte republikanere

LES OGSÅ: Brakvalg for Republikanerne – største seier siden 1928