Delstatsminister John Barilaro i New South Wales skreiv måndag at det ville vere enkelt å avlyse fyrverkeriet dersom gneistar kunne utløyse nye skogbrannar, skriv australske medium.
Barilaro som er minister for næring og handel i New South Wales, den mest folkerike delstaten i Australia, seier i ei Twitter-melding søndag at ein avlysning òg ville uttrykke respekt for dei utslitne frivillige brannmannskapa.
I vekevis har dei kjempa mot dei over 100 skogbrannane som har herja i delstaten.
– Viss fyrverkeri har vorte forbode i distrikta, så kan vi ikkje ha to grupper i befolkninga. Vi står alle i dette saman, skriv Barilaro, som for tida er på ferie i London.
Brannvesenet avgjer
Ein talsmann for byrådet i Sydney seier til avisa Sydney Morning Herald at byrådet er fast bestemt på at fyrverkeriet skal gjennomførast som planlagt.
Brannvesenet i New South Wales skal seinare måndag avgjere om det kjente fyrverkeriet skal avlysast eller gjennomførast som planlagt, melder den nasjonale kringskastaren ABC News.
– Dersom brannvesenet, som er ekspertane, seier det er trygt å gjennomføre fyrverkeriet, så vil vi gjennomføre det. Sydney er ein av dei første byane i verda til å ønske det nye året velkommen, seier statsministeren i delstaten, Gladys Berjiklian.
Ho får støtte frå Australia sin statsminister, Scott Morrison, som seier det er viktig at verda får sjå at landet held fram som normalt, trass i skogbrannane.
Innbringande knall
Nyttårsfyrverkeriet frå landemerket Harbour Bridge midt i byen, blir årleg opplevd av meir enn éin million menneske på staden, og er svært innbringande for handelsstanden i byen.
Ifølgje bystyret i Sydney kostar fyrverkeriet om lag 6 millionar australske dollar, 37 millionar kroner, men utløyser inntekter på meir 130 millionar dollar, altså over 800 millionar kroner.
Arrangementet er fordelt på to fyrverkeri, eitt klokka 21 på kvelden og eitt ved midnatt.
Globalt sest den gnistrande lysfesten av meir enn éin milliard menneske.