Kamskjell skal overvake oljehamn

Mange assosierer kamskjell med dyr gourmetmat servert på fasjonable restaurantar. Men i Russland har forskarar funne eit langt mindre fornemt, men nyttig føremål til sjødelikatessa.

Kamskjell på Kvitsøy

Kamskjell har mange bruksområde - dei kan blant anna brukast som miljøagentar, har russiske forskarar funne ut.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Russiske forskarar vil bruke kamskjell til å overvake forureiningsnivået ved oljeterminalen i Kozmino, melder nyheitsbyrået Reuters.

I staden for å hamna på tallerkar med dilldryss og fløytesaus, skal skjella fungere som forureinings-oppsugarar ved den russiske oljehamna Kozmino. I slutten av oktober skal nemleg ein stor kamskjell-farm setjast ut i Kosmino-hamna heilt aust i Russland.

Absorberer tungmetall

Kozmino vil med det bli den første russiske hamna til å ta i bruk blautdyr som overvakingsinstrument under vatn.

– Kamskjell er svært nyttige i måling av vassforureining, fordi dei er svært sensitive til forureinande stoff og tungmetall. Dei absorberer og held på slike stoffer, seier Natalia Vykhodtseva, organisk kjemikar ved Kozminos sikkerheitsavdeling

Ho understrekjer at sjølv om blautdyra er kjende for sine absorberings-eigenskapar, er føremålet med kamskjell-farmen primært å overvaka hamna.

– Dersom overvakinga er vellykka, har me planar om å dyrka store permanente koloniar med kamskjell, muslingar og sjøgras på havbotnen i hamna for å filtrera sjøvatnet og halda det reint, seier ho.

Auka fare for oljelekkasje

Tankskipterminalen i Kosmino blei opna ved årsskifte av det russiske røyrledningsmonopolet Transneft.

Det er den einaste eksportterminalen for råolje tappa frå nye austsibirske oljeførekomstar, og vil i løpet av neste år doble mengdene som vert transportert ut til 200 millionar fat.Det medfører også ein auka risiko for utslepp.

– Dersom det skulle skje ein oljelekkasje, vil kamskjella suga olje til seg for så å filtrera ut reint vatn, forklarer Vykhodtseva.



SISTE NYTT

Siste nytt