Hopp til innhold

Nytt varsku frå Ryanair-pilotar

Igjen tek Ryanair-tilsette bladet frå munnen. Fire pilotar skuldar arbeidsgjevaren sin for å tvinga dei til å fly med kritisk lite drivstoff for å spara pengar.

Ryanair

Atter ein gong kjem pilotar med alvorlege skuldingar mot det irske lågprisselselskapet Ryanair.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

– Mannskapet blir pressa til å ta med så lite drivstoff som mogleg for at selskapet skal spara pengar, seier ein av dei anonyme pilotane.

Dei fire varslarane kjem med skuldinga i det nederlandske fjernsynsprogrammet KRO reporter. Alle fortel at dei har vore på nippet til å senda ut naudsignal fordi fartøya hadde så lite drivstoff igjen på tanken.

Stresset det medfører påverkar også deira evne til å ta avgjerder i lufta, seier pilotane.

– Eg håpar for Guds skuld at det ikkje krev ei ulukke for at folk skal vakna, uttalar ein av varslarane i programmet.

  • I videospelaren under kan du sjå heile programmet og intervjuet med pilotane:
    Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ryanair: – Verdilause påstandar

Med mindre drivstoff på tanken veg flyet mindre, og brukar dermed også mindre drivstoff under flyginga.

– Profitt kjem først, uansett pris, seier ein av varslarane i det nederlandske programmet.

Pilotane vil ikkje stå fram med namn eller bilete, i frykt for represaliar frå arbeidsgjevaren sin. Ei typisk straff for å koma med kritiske ytringar er overføring til ein base langt vekke frå heimstaden, ifølgje varslarane.

Leiinga i Ryanair avviser skuldingane blankt, og nektar for at dei fører ein slik praksis.

«Desse påstandane er verdilause og stammar frå eit hollandsk fjernsynsselskap som presenterte anonyme medverkande i mørke rom. Årsaka til at desse anonymiserte ikkje ville avsløra sine identitetar, er at det ikkje ligg eit snev av sanning i påstandane deira», uttalar ein talsperson for selskapet, ifølgje svenske Aftonbladet.

Stein Erik Nodeland, luftfartsdirektør

Luftfartsdirektøren i Noreg, Stein Erik Nodeland, bad om ei gransking etter mange Ryanair-naudlandingar i haust. konklusjonen frå granskinga var at Ryanair hadde fulgt regelverket.

Foto: Pressebilde / Luftfartstilsynet

Luftfartstilsynet bad om gransking

Presidenten i Den europeiske cockpitsamskipnaden (ECA), Nico Voorback, er no svært uroa for det som blir påstått å vera praksisen i Ryanair, og etterlyser no ei djuptgåande gransking av det irske lågprisflyselskapet.

– Det er berre eit spørsmål om tid før eit fly går heilt tomt for drivstoff, seier han til nederlandske KRO.

Dette er nemleg ikkje første gongen at Ryanair får retta mistanke mot seg om hasardiøs flyging for å redusera kostnadene. Selskapet kom i eit kritisk søkjelys i fjor sommar, då blant anna tre Ryanair-fly måtte naudlanda i Spania på ein og same dag.

Alle tre pilotane forklara i etterkant «mayday»-ropa med frykt for å gå tomme for drivstoff før dei nådde fram til destinasjonen.

Luftfartstilsynet i Noreg mistenkte at Ryanair med vilje hadde reist ut med lite drivstoff. Tilsynet sende difor eit brev der dei bad Det europeiske luftfartstryggingsbyrået EASA om å granska det irske selskapet. Ryanair avviste på si side at det i dette tilfellet var snakk om ei naudlanding.

Innanfor regelverket

I eit svarbrev til Luftfartstilsynet opplyser EASA at dei hadde undersøkt tilfella, utan å finna brot på regelverket.

– Drivstoffmengda som desse Ryanair-flya hadde reist ut med var innanfor regelverket, men vêromslag gjorde at dei kom i ein vanskeleg situasjon og måtte be om prioritert innflyging. På grunn av kø blei ventetida lang og det minka dermed på drivstoffet til fleire fly, fortel luftfartsdirektør Stein Erik Nodeland til NRK.no torsdag.

Han ønskjer ikkje å kommentera dei nye skuldingane som blir retta mot Ryanair, men viser til at alle EU-registrerte selskap er forplikta til å retta seg etter det europeiske regelverket.

– Styresmaktene i Europa må føresetja at alle selskap følgjer desse reglane. Ryanair er det dessutan irske styresmakter sin jobb å føra tilsyn med, seier luftfartsdirektøren.

SISTE NYTT

Siste nytt