Hopp til innhold

Nytt utbrot frå vulkanen Calbuco i Chile

Vulkanen Calbuco i Chile spyr no ut røyk og oske for tredje gong på få dagar. Vulkanen hadde to utbrot i førre veke som fekk store konsekvensar.

Vulkanutbrudd i Chile

Vulkanen Calbuco i Chile spyr no ut røyk og oske for tredje gong på få dagar.

I førre veke spydde det over 200 million tonn oske frå vulkanen Calbuco i Chile, og dekka til nærliggande byar, øydela den lokale lakseindustrien og tvang fly så lang borte som i Buenos Aires å kansellere avgangane sine.

No spyr vulkanen ut røyk og oske på ny.

TV-bilete frå staden viser ei ny røyksky som stig opp frå Calbuco i Los Lagos-regionen, kring 100 mil sør for Santiago.

Saka held fram etter albumet.

CHILE-VOLCANO-CABULCO
Foto: DAVID CORTES SEREY / Afp

Den mest aktive vulkanen i området

Vulkanen Calbuco er ein av dei mest aktive i området. Det statlege geolog-senteret melde om utbrotet på Twitter om lag klokka 18 norsk tid.

– Som venta, er det kome eit tredje utbrot frå vulkanen Calbuco. Raud alarm, skriv dei.

Calbuco-vulkanen sør i Chile vakna til liv etter over 50 år i ro.

Styresmaktene starta i førre veke evakueringa av tusenvis av menneske som bur innanfor ein radius på 20 kilometer frå vulkanen.

Den drygt 2000 meter høge vulkanen stod for det største utbrotet i Chile si historie i 1893, og har hatt ei rekkje store utbrot sidan det. Det siste store utbrotet var ifølgje AFP i 1961, og i 1972 skal den også ha hatt eit lite utbrot.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt