Hopp til innhold

Nytt tyrkisk skip med naudhjelp til Gaza

Eit tyrkisk skip med humanitær hjelp til Gaza kom til Israel søndag, seks år etter at eit liknande skip blei borda av israelske soldatar og ni tyrkiske aktivistar drepne.

ISRAEL-GAZA-TURKEY-AID

Skipet var lasta med 11000 tonn matvarer og leikar, ifølge det tyrkiske statlege nyheitsbyrået Anadolu. Varene er venta å nå Gaza før den religiøse markeringa Eid, som markerer slutten på fastemånaden ramadan.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Kontainerskiper "Lady Leila" la til ved Ashdod-hamna i Israel søndag ettermiddag, etter ein 35 timars segltur frå den tyrkiske hamnebyen Mersin. Der blir innhaldet inspisert før det blir sendt vidare til Gaza-stripa, som er under israelsk blokade.

Opninga for naudhjelp til Gaza kjem i samband med ei forsoningsavtale som Israel og Tyrkia inngjekk for ei veke sidan.

Ønska ei oppheving av blokaden

Tyrkia og Israel var tidlegare nære allierte, men forholdet fekk ein alvorleg brest då israelske styrker drap ti tyrkiske aktivistar på eit skip med naudhjelp til Gaza i 2010. Ifølge den nye avtalen skal Israel betale kompensasjon til familiane til dei drepne aktivistane.

Tyrkia hadde forsøkt å få ei oppheving av blokaden, men Israel avviste dette. Kompromisset blei at Tyrkia kan sende hjelp gjennom Ashdod. Tyrkias regjeringsparti AKP har gode relasjonar til Hamas som styrer i Gaza, og president Recep Tayyip Erdogan har vore ein høglydt forkjempar for den palestinske saka.

Også FN har oppfordra til oppheving av blokaden, som generalsekretær Ban Ki-Moon omtala som "kollektiv avstraffing", men Israel hevdar at den er naudsynt for å hindre Hamas i å ta imot materiale som kan brukast militært.

Blanda reaksjonar på avtalen

Israels Statsminister Benjamin Netanyahu har understreka dei økonomiske fordelane med avtalen, som blant anna inneber planar om å bygge ein gassleidning til Tyrkia for å eksportere israelsk gass. Avtalen har fått blanda mottaking i Israel og på Gaza-stripa.

Mange israelarar meiner at den ikkje går langt nok i å prøve å få slept fri fire israelarar som er sakna i Gaza. Fleire slektningar og støttespelarar av desse protesterte mot avtalen utanfor hamna i Ashdod søndag.

SISTE NYTT

Siste nytt