Hopp til innhold

Nytt SpaceX-forsøk var vellukka – og enda i flammehav

SpaceX skaut i natt opp prototypen på romskipet «Starship», men romferda enda i eit flammehav. SpaceX-grunnleggjar Elon Musk seier likevel at romferda var vellukka.

SpaxeX-oppskyting 9. desember 2020

ELDKULE: Prototypen av Starship nummer åtte i det romskipet vart omgitt av flammar og eksploderte under landing.

Foto: AP/NTB

– Mars, her kjem vi, skreiv SpaceX-grunnleggjar Elon Musk på Twitter få minutt etter testflyginga.

Han forklarte at den eksplosive avslutninga kom av at landingsfarten var for stor.

Men gjennomføringa av testen var vellukka, påpeika han. Han viste til avgangen til den umanna testflyginga, endring av stilling i lufta, og deretter den presise landingsbanen på veg ned igjen.

– Vi fekk alle data vi trong. Gratulerer til SpaceX-teamet, skriv Musk.

SpaceX-oppskyting 9. desember 2020

Prototypen av Starship nummer åtte under avgang frå SpaceX-testanlegget i Boca Chica i Texas.

Foto: Miguel Roberts / AP/NTB

4 minutt og 45 sekund

Testflyginga med prototypen av ein fullskalaversjon av Starship, «SN8» (Starship nummer 8), skjedde i Texas natt til torsdag norsk tid.

Fartøyet nådde ei høgd på 12,5 kilometer og var 4 minutt og 45 sekund i lufta.

Tidlegare har mindre prototypar av fartøyet vorte testa. Dei har berre komme nokre få hundre meter opp i lufta. Tidlegare i veka vart det òg gjort forsøk som vart avbrote.

«SN9», den neste prototypen, er allereie snart ferdig bygd.

Målet er at «Starship» skal brukast til alt frå utplassering av satellittar, til å frakte menneske og last til månen og Mars.

SISTE NYTT

Siste nytt