Nytt sjølvmordsangrep i Bagdad – minst 55 drepne

Nok ein gong er den irakiske hovudstaden ramma av bombeangrep. Minst 55 mennesker er drepne. Terroristgruppa IS hevdar dei står bak sjølvmordsangrepet i Bagdad i dag.

Gå til forsiden

Bombeangrep i Bagdad

Bombe i Bagdad

Bombeangrep i Bagdad

6 bilder

    Angrepet skjedde ved eit telt rundt lunsjtider laurdag der det blei delt ut mat og drikke i samband med ei gravferd. Det var sjiamuslimar i Shaab-distriktet nord i Bagdad som vart ofre for angrepet. Minst 55 menneske er drepne og over 60 skal vere såra, ifølgje lokale styresmakter.

    Gjennom sitt eige nyheitsbyrå Amaq, hevdar terrorgruppa IS at dei står bak angrepet der ein sjølvmordsbomber var utstyrt med ein bombevest. Det melder nyheitsbyrået Ap.

    Angrepet kjem samtidig som irakiske tryggingsstyrkar førebur ein operasjon for å gjenerobre landets nest største by, Mosul, frå IS. Byen som ligg nord i Irak skal vere den siste som framleis er under IS-kontroll, skriv Reuters.

    MIDEAST-CRISIS/IRAQ-BLAST
    Foto: AHMED SAAD / Reuters

    Fleire angrep utanfor frontlinjene

    Den siste tida har talet på angrep frå ekstremistane auka i område som er kontrollert av irakiske styresmakter. Sivile, langt frå frontlinjene, er særleg ramma. Irak har sett fleire bombeangrep de siste månadene, men dei fleste har hatt lågare dødstal enn angrepet laurdag.

    I juli eksplodert ei stor bilbombe i det populære shoppingdistriktet Karradah i sentrum av Bagdad. Over 300 mennesker blei drepne og innanriksminsteren i landet gjekk av.

    Innbyggjarane var både rasande og fortvila over angrepet. Statsministeren innførte forbod mot falske bombedetektorer og lova å betre kontrollen av kjørety på innfartsvegane til Bagdad. Angrepet i sommar er det enkelt-angrepet som har tatt flest liv i Irak sidan den USA-leia innvasjonen felte Saddam Hussein i 2003.

    NRK anbefaler

    Laster innhold, vennligst vent..
    Laster innhold, vennligst vent..

    SISTE NYTT

    Siste nytt