Hopp til innhold

Nytt jordskjelv utanfor Guatemala

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det var i kveld norsk tid eit kraftig jordskjelv målt til 6,2 utanfor kysten av Guatemala.

Ei kvinne blei lettare skadd då ein mur fall over ho, men elles er det ikkje meldt om skadar etter skjelvet.

Episenteret til skjelvet var 24 kilometer vest-sørvest for byen Champerico, som er 180 kilometer vest- sørvest for Guatemala by.

Skjelvet hadde ei djupn på 29 kilometer, melder U.S. Geological Survey.

Dette skjer berre tre dagar etter at eit jordskjelv på 7,4 ramma Guatemala, og som kosta 42 menneske livet.

LES OGSÅ: Dødstallet stiger etter Guatemala-skjelv

LES OGSÅ: Redde for Maya-spådom etter storskjelv i Guatemala

LES OGSÅ: Minst 48 døde i jordskjelv

SISTE NYTT

Siste nytt