David Trimble vil at IRA skal starte avvæpninga før han godtek ein britisk/irsk fredsplan.
Det har ei stund sett stygt ut for fredsprosessen i Nord-Irland. Optimismen etter Langfredagsavtalen frå 1998 har sakte, men sikkert, snudd til djup pessimisme den siste tida. Det kulminerte med at ein av nøkkelpersonane på den protestantiske (unionistiske) sida, førsteminister i den nordirske regjeringa, David Trimble, trekte seg frå ministerposten. Årsak: IRA sin manglande vilje til avvæpning.
Usikkert
Observatørar i Storbritannia og Irland er usikre på korleis dei skal tolke det siste utspelet frå IRA. Slett ikkje alle er like klare som Sinn Fein-leiar Gerry Adams. Han kalla IRA sitt utspel for "eit enormt historisk gjennombrot".
Irlands statsminister Bertie Ahern trur på eit gjennombrot.
Sinn Fein blir rekna for å vere den politiske fløya til IRA, men det er uklart kor stor innverknad Gerry Adams eigentleg har i IRA. Også Irlands statsminister Bertie Ahern har kalla utspelet frå IRA eit gjennombrot.
Tidlegare førsteminister David Trimble, som også er leiar for det største protestantiske partiet Ulster Unionist Party (UUP), var langt meir forsiktig i sine kommentarar. Han karakteriserte utspelet frå IRA som "eit visst framsteg", men la til at ord ikkje er nok, og at IRA ikkje har starta avvæpninga. - Ord er ikkje nok, vi må sjå handling, sa han blant anna.
Etter eit møte i UUP i dag seier David Trimble at partiet hans ikkje kan godta den britisk-irske fredsplanen utan klare prov på at IRA verkeleg har starta avvæpninga.
Partane i Nord-Irland hadde eigentleg frist til i dag med å svare på eit forslag til ein fredsavtale som er utarbeidd av regjeringane i Storbritannia og Irland. Etter det uventa utspele til IRA om avvæpning har partane fått meir tid på seg til å vurdere forslaget.
Den britiske avisa The Guardian skriv i dag at IRA snart, kanskje alt i dag, vil kome med ei kunngjering om at organisasjonen vil starte avvæpninga i løpet av ein månad.
Det er uklart kor lang tid partane har fått på seg til å vurdere fredsforslaget, men ein ny førsteminister for Nord-Irland må vere klar innan søndag.
Storbtitannias statsminister Tony Blair.
Fredsplanen vart lagt fram at Storbritannias statsminister Tony Blair og hans irske kollega Bertie Ahern. Dei har gjort det klart at fredsplanen ikkje er eit forhandlingsutkast. Partane må anten godta planen som han er, eller ta konsekvensane.
Konsekvensen er at det blir skrive ut nyval for Nord-Irland, eller gjeninnføring ordninga med at Nord-Irland blir direktestyrt frå London. Det er det ingen som ynskjer, aller minst den katolske (republikanske) sida.
Krisa ikkje over
Nord-Irland-eksperten Mark Devenport i BBC åtvarar mot å tru at den politiske krisa i Nord-Irland er over med dette. Det er framleis mange snubletrådar, og det er slett ikkje sikkert at dei politiske partia frå dei to sidene i Nord-Irland godtek den britisk-irske planen.
Fleire protestantiske leiarar har etter IRA sitt utspel i går tona ned utsiktene for eit hurtig gjennombrot i fredsprosessen
Det er stor skepsis til både planen og ikkje minst til utspelet frå IRA i partiet, men spørsmålet er om partiet torer å ta sjansen på å vere dei som stansar ein fredsavtale. Det er grunn til å tru at dei til slutt vil svare ja til invitten, men med eit klart krav om at IRA starta avvæpninga straks.
Uansett kva dei politiske partia i provinsen meiner, er det ikkje berre dei det handlar om. Avvæpninga av dei paramilitære gruppene i Nord-Irland har vore eitt av dei største problema i fredsprosessen. Det er ulovlege våpen på begge sider i konflikten.
The Real IRA
IRA er ein ting. Det er ei gruppe som er vanskeleg å vite kvar ein har, men utbrytargruppa The Real IRA let det ikkje vere tvil om kva dei eigentleg vil. Det var denne gruppa som stod bak den kraftige bombeeksplosjonen i London-bydelen Ealing sist fredag der seks menneske vart skadde.
Den britiske ministeren for Nord-Irland, John Reid, sa at bomba var eit klart forsøk på å sabotere fredsprosessen.
Den britiske avisa The Observer seier at mannen som leier The Real IRA til dagleg arbeider i eit teknologifirma i Irland. Mange veit kven mannen er, men ingen torer å gå til styresmaktene og fortelje kven han er. Som leiar for Real IRA kan han avgjere kvar den neste bomba skal smelle, eller kven som kan bli offer for neste likvidasjon.
Det er lite hjelp i at det tradisjonelle IRA og Sinn Fein varslar avvæpning og vilje til å halde fram fredsprosessen. Dersom The Real IRA set i gang ein ny bombekampanje kan heile fredsprosessen bli sprengt i filler.
Slike bilete frå Belfast i Nord-Irland har vi sett mykje av. No er er det nytt håp for fredsprosessen.
Real IRA er eit typisk eksepmel på eit problem som er like gammalt som konflikten i Nord-Irland. Når ein generasjon av radikale republikanarar trappar ned eller gir opp den væpna kampen, står ein ny generasjon klar til å ta over.
The Real IRA oppstod som følgje av splitting i IRA etter at leiinga i IRA og Sinn Fein gjekk med ¨på våpenkvile i 1997. Den verste terrorhandlinga til gruppa er bombeaksjonen i småbyen Omagh i august 1998. 29 menneske vart drepne, fleire av dei var born.
Det er også fleire militante grupper på den protestantiske (unionistiske) sida. For kort tid sidan skaut og drap ei protestantisk gruppe ein protestantisk ungdom, truleg fordi han hadde katolske kameratar. Dei protestantiske gruppene er også kjende for å vere ekstremt valdelege.
Langfredag
Fredsplanen som er Blair og Ahern har presentert er meint å vidareføre den mangelfulle Langfredagsavtalen frå 1998. Det er ein reform av politiet, avvæpning av dei paramilitære gruppene, stabilisering av institusjonane i provinsen og ein reduksjon i det britiske, militære nærværet.
Den nærmaste tida vil gi oss svaret på om det er mogleg å få fredsprosessen i Nord-Irland tilbake på sporet. Håpet ligg i at moderate krefter på begge sider ikkje godtek at utviklinga i provinsen skal styrast av små, valdelege grupper.
Eit fredshåp er tent, men Nord-Irland si historie viser oss at det raskt kan bli sløkt igjen. Slett ikkje alle er samde om at IRA sitt siste utspel er eit "stort, historisk gjennombrot."
(Kjelder: BBC, The Guardian, The Observer, AFP, Reuters, NTB)