Hopp til innhold

Nytt gjennombrot for el-fly

Verdas første flytur over Den engelske kanal i eit fly driven av batteri vekker merksemd. Håpet er at det vesle flyet kan vere nok eit skritt mot ein flyindustri i endring.

France Electric Planes

Sjå video av el-flyet som landar i England etter ein vellukka flytur over Den engelske kanal.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er flyprodusenten Airbus som står bak det vesle flyet som i dag flaug over Den engelske kanal, frå Frankrike til Storbritannia.

– Skritt i riktig retning

Flyet får energi frå litium-batteri, og det er to elektriske vifter på 32 kilowatt som sørger for at flyet kan komme seg opp i lufta. Flyturen skjer ikkje mange dagane etter at eit fly som får energi frå solceller flaug frå Japan til Hawaii.

France Electric Planes

El-flyet landa til slutt trygt i England, etter rundt 35 minutt i lufta.

Foto: Michel Spingler / Ap

I likskap med bilbransjen vert det no jobba med å få fleire fly til å gå over til elektrisitet, i staden for drivstoff.

– Dette er eit stort skritt i riktig retning, seier teknisk sjef hos Airbus, Jean Botti, om dagens flytur til The Wall Street Journal.

Flyprodusenten har sett seg mål om å få el-fly for to passasjerar tilgjengelege for sal innan 2017. Deretter håper dei å få eit firemanns hybrid-fly ut i produksjon 18 månadar seinare.

Og innan 2050 satsar flyprodusenten på å ha klar eit fly til 90 passasjerar, som er driven av rein elektrisitet, eller eit hybrid-fly.

Større batterikapasitet

Flyselskapet produserer vanlegvis flytypar som tek minst 100 passasjerar, så el-fly-prosjektet representerer noko heilt anna enn det Airbus vanlegvis driv på med.

Førebels kan flya til Airbus berre halde seg i lufta i halvannan time, men berre den siste tida har batterikapasiteten auka med 60 prosent, og det er håp om teknologien vil halde fram utviklinga slik at el-fly vert vanlegare i framtida.

– Varigheita har auka frå rundt 25 minutt til meir enn 55 minutt, fortel Botti.

Det er også ein fordel at flyet berre tek 90 minutt å lade opp att.

Solcellefly flaug i 118 timar

Airbus reknar med å produsere ti el-fly i året, men produksjonen avheng også av etterspurnaden, og særskild i USA der marknaden for private fly er størst.

Solar Plane

Solcelleflyet er på veg inn mot Hawaii, etter 118 timar i lufta.

Foto: Jean Revillard / Ap

Solcelleflyet som flaug frå Japan til Hawaii tidlegare i juli klarte derimot å fly mykje lengre, heile 7.200 kilometer på 118 timar, men er også meir avhengig av godt vêr. Første forsøk på fly vart avslutta etter berre eit døgn på grunn av ein lågtrykksfront som nærma seg flyet si rute.

Flyet som er ein del av eit prosjekt som heiter Solar Impulse, er eit ledd i forsøket på å framstille eit fly som berre kan fly ved hjelp av fornybar energi.

Det er gjort forsøk på å få til el-fly sidan 70-talet, men framskritta dei siste åra skaper meir optimisme for at det i framtida skal kunne gå an å fly, utan å måtte tenkje altfor mykje på den auka miljøkostnaden.

SISTE NYTT

Siste nytt