Hopp til innhold

Nytt gjengdrap – ber det svenske samfunnet om hjelp

Mannen som vart skoten og drepen i Malmö tidleg onsdag, var ein av dei mest kjende kriminelle figurane i den sørsvenske byen. No ber rikspolitisjefen om publikum si hjelp.

Nytt drap i Malmö

Ein kjend kriminell vart skoten og drepen i denne gata i Malmö onsdag morgon.

Foto: SVT

Augevitne fortel at mannen vart skoten like ved ein barnehage, og det var fleire som såg det som hende. Ein mann fortel at gjerningsmannen fyrte av tre skot mot hovudet til offeret.

Politikjelder seier til SVT at mannen, som er i 50-åra, er ein av dei mest kriminelle i byen, og at han har vore mistenkt i fleire større etterforskingar, blant anna for drap og drapsforsøk. Det har ikkje lukkast politiet og påtalemakta å få han dømd i desse sakene.

Han har fleire dommar for ulovleg våpenbruk og brot på narkotikalovene, men aldri for drap eller valdsbruk. Rikspolitisjef Anders Thorberg meiner at heile det svenske samfunnet no må gå saman om å kjempe mot gjengkriminaliteten.

– På sikt handlar det om å stanse tilveksten til gjengane. Heile samfunnet må bruke ressursane sine på å stanse dei, og kriminalitet må få konsekvensar, seier han til SVT.

Strid om taxiselskap

Han vart sist arrestert i 2016, og då sa politimeisteren i Malmö, Stefan Sintéus, at han var ein av dei mest kriminelle i byen. I mai i fjor vart han tiltalt for å ha bestilt eit mord, men det var ikkje nok bevis til at han vart dømd i tingretten.

SVT har i løpet av dagen vore i kontakt med fleire personar som kjenner gjengkonfliktane i Malmö, og fleire av dei meiner at drapet onsdag morgon kan koplast til det som media har kalla taxikrigen.

Det handlar om to kriminelle grupperingar som kjempar om kontrollen over eit taxiselskap i byen.

Den kriminelle mannen var også mistenkt for drapet på ein annan kjend kriminell inne på eit taxikontor i Malmö i november 2011. Han var tiltalt for drapet, men då saka kom opp for retten var ikkje bevisa sterke nok, trass i at fleire hadde sett det som skjedde.

– Ikkje uventa

– Det var ikkje så uventa. Vitna vart ramma av massivt minnetap, og det er vanskeleg å få ut informasjon frå slike, sa ein tydeleg skuffa aktor Michael Hansson etter rettssaka.

Mannen vart utsett for eit drapsforsøk i mai i 2016. Han vart skoten medan han sat inne i bilen sin, like ved staden der han vart funnen drepen onsdag morgon.

Sommaren 2010 vart to menn skotne utanfor eit butikklokale den no drepne mannen disponerte. Begge overlevde, men han vart tiltalt for drapsforsøk. Mannen sa han skaut i sjølvforsvar, og han vart trudd av både tingretten og hovretten.

Malmö har vore prega av oppgjer mellom ulike kriminelle grupper, og det har mange gonger dei siste åra enda med drap.

SISTE NYTT

Siste nytt