Hopp til innhold

Slik skal dei berge Venezia frå å søkke i havet

Etter tiår med forseinkingar, budsjettsprekkar og korrupsjonsskandalar, har Venezia endeleg fått på plass flaumvernet som skal berge byen.

ZyPBBZKZAiY

Markusplassen under ein flaum i desember 2020. Flaumvernet vart aktivert for seint.

Foto: Anteo Marinoni / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK er på veg ut i Venezia-lagunen. Det er grunt, om lag femten meter djupt. Vi kjem fram til eit flunkande nytt pumpehus, men det teknologiske mirakelet som skal halde tidvatnet ute i Adriahavet ligg skjult under vassflata.

Giovanni Leone

Arkitekt Giovanni Leone tek NRK med ut til staden der pongtongane ligg under havet og er klar til å bli reist i tilfelle stormflo.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Guiden vår er arkitekten Giovanni Leone. Han fortel at det gigantiske flaumvernprosjektet har fått namnet «Moses» (MOSE på italiensk) etter mannen som kryssa Raudehavet i bibelen.

– Venezia er fleire gongar redda frå flaum, det er eit mirakel, fortel arkitekten Giovanni Leone til NRK. Han har levd mesteparten av sitt vaksne liv i Venezia, kanalbyen utan bilar.

– Berre det å lufte hunden utan å frykte at heimen står under vatn når eg kjem heim, fortel han.

Byen i lagunen

Lagunen Venezia

Dei tre opningane i lagunen der ein no har installert MOSE-flaumvern.

Foto: Wikimedia commons

Venezia ligg ikkje ved havet, men i ein stor lagune med tre opningar. Dette har gjort det teknisk mogleg å sperre av for tidvatnet ved hjelp av ei rekke pongtongar som ein kan heve og senke.

Når ei stormflo truar blir det pumpa luft inn i 78 pongtongar som reiser seg og tettar opningane i lagunen.

MOSE

Teikning av korleis pongtongane er festa på hengsler i havbotnen.

Foto: Wikimedia commons

3. oktober i fjor reiste dei italienske ingeniørane flaumvernet for første gong.

– Da kunne vi feire, fordi det var første gong etter over 30 år med diskusjonar og eksperiment. Vi beviste at ideen faktisk fungerer, fortel Francesco Lanza, som er prosjektleiar i bedrifta Thetis.

FcJatyrtjuA

Pongtongane i oppreist posisjon held tidvatnet ute.

Foto: AP

Thetis er ei av mange ingeniørbedrifter som har vore involverte i prosjektet. Dei har hovudkontor i gamlebyen i Venezia.

Thetis

I kontrollrommet kan ein sjå store skjermar med informasjon frå lagunen og flaumvernet.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Kontrollrommet

NRK får vere med inn i kontrollrommet til Thetis. Her blir vêr og teknologi overvakt og finjustert. Prosjektet har kosta mellom 6 og 7 milliardar Euro og vore råka av tallause forseinkingar og ein stor korrupsjonssak som førte til at borgarmeisteren av Venezia blei arrestert.

Emiliano Ramieri

Miljøekspert Emilio Ramieri

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Vi skal ikkje gløyme korrupsjonen, oppblåste kostnadar og forseinkingar. Men no har vi systemet og vi må nytte det på riktig måte, fortel Emiliano Ramieri, som er ekspert på klima og miljø ved Thetis.

Ein stor debatt er når dei skal trykke på knappen og stenge lagunen. Det kostar ca. 2 millionar kroner kvar gong.

– Det er verdt ein kostnadsanalyse kvar gong, fortel Ramieri.

Men det er ei kjensgjerning at det er verdt å verne om dei berømte kulturminna i Venezia.

Venezia

I gamlebyen i Venezia er det ingen bilar, det er kanalbåtane som fraktar varer og folk. Men vatnet er også ein fare for bygningar og dagleglivet.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

I desember blei vêrmeldinga feiltolka, og den berømte Markusplassen fløymde over.

– Ein må aktivere flaumvernet på fjøre sjø, elles verkar det ikkje fortel Leone.

Systemet krev altså god politisk styring i tillegg til alt det tekniske som må klaffe.

T8IYwQ9jF9I

Markusplassen er omkransa av uvurderlege kulturminne. Her frå ein flaum i desember i fjor då flaumvernet MOSE vart aktivert for seint.

Foto: MANUEL SILVESTRI / Reuters

Ventar meir ekstremvêr i framtida

Forskarane fortel at klimaendringane gjer at det vil bli behov for å stenge lagunen oftare og oftare. Dette vil kome i konflikt med næringsinteresser som til dømes cruisetrafikken.

– Havet vil stige med mellom 30 centimeter og ein meter dei neste hundre åra, så sjølv om Moses er ei god løysing no, så er det kanskje ikkje den beste løysinga i heile dette hundreåret, fortel Ramieri til NRK.

Levetida til systemet er allereie redusert frå hundre til sytti år.

Pumpehus venezia

Arkitekt Giovanni Leone viser oss eit av pumpehusa som pumpar vatn inn i pongtongane i flaumvernet.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Det kan vere at det einaste vi kan gjere i framtida for å redde Venezia, er å stengje av lagunen og forvandle den til ein innsjø. Det vil bety ei enorm endring i økosystemet, fortel arkitekt Giovanni Leone.

Ein annan metode vil vere å pumpe inn grunnvatn slik at byen sluttar å søkke i havet.

Enn så lenge har MOSE-prosjektet gjeve Venezia eit pusterom.

SISTE NYTT

Siste nytt