Ein talsmann for politiet i Ecuador seier til nyheitsbyrået AFP at minst tolv personar er skadde i samanstøytane i fengselet i Guayaquil laurdag.
Politiet er sett inn i eit forsøk på å gjenopprette orden og redde liv, seier provinsguvernøren Pablo Arosemena til nyheitsbyrået.
Så langt har nesten 300 fangar mista livet i fengsla i Ecuador. Dårlege tryggingsrutinar og overfylte fengsel der medlemmar av rivaliserande narkotikabandar soner side ved side, fører ofte til valdeleg samanstøyt.
Militærpolitiet er sett inn for å halde vakt utanfor fengselet.
Foto: FERNANDO MENDEZ / AFPUnntakstilstand
I september var det eit oppgjer i det same fengselet. Då mista 119 menneske livet, i det som blir rekna som eitt av dei verste fengselsoppgjera gjennom tidene i Latin-Amerika. Landet sette inn 3600 politifolk og soldatar for å sikre fengsla mot blodige oppgjer.
I oktober erklærte den ecuadorianske presidenten Guillermo Lasso unntakstilstand i 60 dagar for å overvinne narkotikabandane.
Familiar til innsette samla seg utanfor fengselet for å få informasjon om kva som skjer innanfor murane.
Foto: FERNANDO MENDEZ / AFPValden i Ecuador har auka kraftig i år. Mellom januar og oktober er det registrert nesten 1900 drap, medan det i heile 2020 blei registrert rundt 1400, ifølge styresmaktene.