Hopp til innhold

Nytt ekstremvêr i Belgia

Belgia er igjen ramma av kraftige flaumar laurdag, berre ei veke etter uvêret i Mellom-Europa som har tatt livet av over 200 personar.

Flaum i byen Dinant

Flaum i gatene i byen Dinant i Belgia.

Foto: Skjermdump tatt 24.07.2021 / Meteo Reni

Fleire gater i byen Dinant i provinsen Namur er flødd over av kraftig regn, melder De Standaard.

Ifølgje rådmann Robert Closset er det nokre stader ein og ein halv meter med vatn, og minst 25 bilar er tekne av flaumen.

Ei belgisk vêrteneste har publisert ein video på Twitter som viser ein sterk flaum i gatene i Dinant.

Laster Twitter-innhold

Meir regn i vente i Tyskland

NTB skriv også at nye regnmengder skapar uto vest i Tyskland.

Leiar for naudetatane i regionen, Begona Hermann, seier at vêrmeldingane viser at einskilde område kan få kraftige byer og storm mellom 30 og 40 liter regn per kvadratmeter.

Innbyggjarane har fått tilbod om evakuering i fleire av områda som allereie er hardt råka av flaum.

– Folk må sjølv ta avgjerda, seier Hermann, som understreka at dei varsla regnbyene ikkje er venta å bli like ille som dei som ramma tidlegare i månaden.

Samstundes peiker ho på at kloakk og avlaupssystema framleis er ute av stand, noko som tyder at dei kanskje ikkje kan handtera nytt regnvêr særleg bra.

Dinant i provinsen Namur i Belgia.

SISTE NYTT

Siste nytt