NRK Meny
Normal

Nytt dødeleg skred i Afghanistan

Minst 45 menneske omkom i eit nytt snøskred i Afghanistan måndag, etter at landet har opplevd sin verste vinter på 30 år.

Snøskred i Afghanistan

Hjelpemannskap fraktar forsyningar via helikopter til ofre frå eit snøskred for ei veke sidan, som førte til at minst 50 mista livet.

Foto: Deb Riechmann / Ap

Snøskredet skjedde i Nuristan-provinsen som ligg aust i landet, på grensa mot Pakistan.

13 hus skal vere tekne av skredet, og fleire vegar skal vere sperra. Det gjer det difor vanskeleg å frakte hjelpemannskap til området, opplysar guvernør Mohammad Nabi Ahmadi ifølge Reuters.

Dette er ikkje første gong mange menneske har omkomne som følgje av skred denne vinteren. For berre ei veka sidan mista minst 50 menneske livet etter eit skred i Badakhstan-provinsen nord i landet.

Sjølv om snøskred er relativt vanlege nord og aust i Afghanistan, har skreda den siste tida vore ekstra alvorlege. Vinteren i landet har vore uvanleg hard, og har ført til at mange har frose i hjel i hovudstaden Kabul. Det har også skapt alvorleg matmangel i det krigsherja landet, som er eit av verdas fattigaste.

Video Flere titalls drept i skred i afghansk landsby

Fleire vegar skal vere sperra av skredet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt