Hopp til innhold

Fleire kjelder i USA stadfestar nedskyting av objekt

Eit amerikansk jagarfly skaut søndag ned «eit flygande objekt» over Huronsjøen nær grensa mot Canada. Men det amerikanske forsvaret seier «objektet» berre var ein fare for sivil luftfart.

Climate Change Lake Acidity

OVER HURONSJØEN: Mackinac Bridge skil innsjøane Michigan og Huron, der militærflya sirkla søndag.

Foto: Al Goldis / AP

– Det vi oppdagast var eit veldig lite objekt som flaug med same fart som vinden.

Dette sa sjefen for nordkommandoen i det amerikanske forsvaret Glen VanHerck, etter den amerikanske presidenten hadde gitt ordre om å skyte ned gjenstanden.

To militærfly vart registrerte av Flightradar24 over Michigansjøen og Huronsjøen søndag.

Den siste av desse innsjøane, som ligg inntil kvarandre, kryssar grensa mellom delstatane Michigan i USA og Ontario i Canada.

Her skal flya altså ha fått ordrar av den amerikanske presidenten om å skyte ned eit mystisk objekt for sikkerheits skuld, melder ein toppleiar i administrasjonen til AFP.

Gjenstanden skal ikkje ha blitt vurdert som ein militær trugsel, men som at den kunne vere farleg for sivile fly.

Den skal ha sveva kring 6000 meter over Michigan, som ligg på sør- og vestsida av Huronsjøen, og blir skildra som ein «åttekanta struktur som hadde trådar hengande frå seg». Restane har ikkje blitt funne enno, ifølge kanadisk politi.

Skjermbilde fra Flightradar

To militærfly blei plukka opp av Flightradar24 i nærleiken av der nedskytinga skal ha skjedd.

– Objektet har blitt teke ned av pilotar frå det amerikanske luftforsvaret og nasjonalgarden, seier representant Elissa Slotkin frå Michigan.

–Vi kjem til å vite meir om dette i dagane som kjem, men ver forsikra om at alle partar har hatt laserfokus på det sidan det kom inn over farvatna våre.

Det amerikanske forsvaret brukte eit F-16 jagarfly til å skyte ned objektet med eit Sidewinder kortdistansemissil, ifølge New York Times.

Flyet er av den same typen som blei brukt til å skyte ned den kinesiske ballongen sist veke.

Luftrommet over Michigansjøen var stengt i ei kort periode søndag i samband med nedskytinga, melder AFP. Ein skal først ha oppdaga det over delstaten Montana.

– Eg set pris på jagarpiloten si raske avgjerd. Det amerikanske folk fortener langt fleire svar enn vi har no, skriv kongressmedlem Jack Bergman på Twitter.

Toppleiarar i Biden-administrasjonen skal ha forsikra folk privat om at det ikkje finst noko bevis på at objekta er til som følge av utanomjordisk aktivitet.

Jack Bergman på Twitter

Kongressmedlem Jack Bergman skriv også om ei nyleg nedskyting på Twitter.

Stengde luftrom etter spionballong

Den kinesiske ballongen som blei skoten ned over USA 4. februar var ein spionballong, seier amerikanske styresmakter.

Då stengde USA sine luftfart-styresmakter (FAA) luftrommet som svar på nedskytinga, som skjedde i Sør-Carolina.

Før den tid hadde den kryssa det meste av nordlege USA, blant anna stader der ein oppbevarer atomvåpen og store bombefly.

Den var ein av fleire som har sveva gjennom luftromma til minst 40 land, og bilete frå U2-spionfly viser at ballongen var tydeleg utstyrt til å samle inn etterretning, seier dei vidare.

Då den først blei oppdaga, hevda kinesiske styresmakter at det var ein vêrballong på avvegar.

Den 60 meter høge ballongen skal likevel ha hatt fleire antenner som er eigna til å finne militære sendarar på bakken.

Hendinga gjorde at USA sin utanriksminister Antony Blinken avlyste turen sin til Kina få timar før han skulle setje av garde.

Leitar etter objekt i Canada

Etterforskarar i nabolandet leitar enno etter vraket av eit objekt som blei skoten ned av eit amerikansk jagarfly på laurdag.

Denne nedskytinga skjedde over det kanadiske territoriet Yukon, som har få innbyggarar og ligg langt nordvest i landet.

– Leitemannskap er på bakken, og prøvar å finne objektet slik at dei kan analysere det, sa statsminister Justin Trudeau til Reuters søndag.

– Borgarane sin tryggleik er vår topp-prioritet, og det er derfor eg vedtok at det uidentifiserte objektet skulle bli skote ned, sa han vidare, og la til at det medførte ein fare for sivile luftfartøy.

-

Restar av den kinesiske ballongen som blei skoten ned over USA 4. februar.

Foto: TYLER THOMPSON / AFP

Nord-Amerika har vore i høg beredskap for ubodne gjestar i lufta sidan den kinesiske ballongen blei skoten ned.

Objektet som blei oppdaga søndag er det fjerde som har blitt skote ned den siste tida. Mellom dei i Sør-Carolina og Yukon, stupte eitt ned i det Arktiske hav nær Alaska på fredag.

Chuck Schumer, som leiar det amerikanske senatet, seier til ABC at objekta ved Alaska og i Yukon begge såg ut til å vere ballongar, men var «mykje mindre» enn det første.

Canada opplyser søndag at dei har stengt eit luftrom over Ontario, som husar delar av Huronsjøen. Det er ikkje kjent om dette heng saman med nedskytinga søndag.

Saman med fleire andre land er Noreg orientert om søndagens nedskyting av det amerikanske utanriksdepartementet, stadfestar UD til VG.

Les også Forsker om mulige spionballonger: Tror Kina vil markere seg

FBI agents process the remains of a balloon shot down by U.S. military off South Carolina

Les også Forsvarsminister: Objektet skutt ned over Canada utgjorde trussel for sivil luftfart

Canadas forsvarsminister Anita Anand.

SISTE NYTT

Siste nytt