Hopp til innhold

Nye videoar skal dokumentere drap i Butsja

Avisa New York Times har offentleggjort nye videoar frå Butsja i Ukraina som viser at russiske soldatar bortfører menn som kort tid etter vart funne drepne.

Avisa New York Times har offentleggjort nye videoar frå Butsja i Ukraina som viser at russiske soldatar bortfører menn som kort tid etter vart funne drepne.

Avisa New York Times har offentleggjort nye videoar frå Butsja i Ukraina som viser at russiske soldatar bortfører menn som kort tid etter vart funne drepne.

Dei nye videoane som avisa New York Times har fått tak i, viser korleis russiske soldatar samlar saman og fører bort minst åtte menn som seinare vart funne drepne i Kyiv-forstaden Butsja i byrjinga av mars.

Augevitne fortel at mennene vart avretta 4. mars. Dronevideoen frå dagen etter som avisa og har fått tak i, skal og stadfeste det augevitna har fortald.

Videoane viser at lika ligg i gata samtidig som russiske militærkøyretøy står like ved der dei russiske styrkane hadde etablert ein midlertidig base.

Les også NRK i Butsja: – Ligger fremdeles døde i gatene

Morten Jentoft i Butsja utenfor Kyiv 3. april.

Avisa skriv at dei tre videoane direkte impliserer dei russiske fallskjermsoldatane i det som truleg er eit krigslovbrot.

På fleire av overvakingsvideoane er ansikta til dei russiske soldatane tydelege.

Stillbilde hentet fra video fra overvåkningskamera i Butsja i Ukraina som viser russiske soldater som fører en gruppe sivile menn til et sted de senere ble funnet drept.

Stillbilde henta frå video frå overvakingskamera som viser russiske soldatar som fører ei gruppe sivile menn til ein stad der dei seinare vart funne drepne i Butsja.

Har samla dokumentasjon i fleire veker

Dei russiske styrkane trekte seg ut av Butsja 31. mars etter vel ein månad i området. Dagen etter rykka ukrainske styrkar inn, og funn av drepne sivile vekte stor internasjonal oppsikt.

Les også Satellittbilde frå Butsja: Lik låg i gatene i over 3 veker

Satellittbilder fra Butsja der sivile ligger i gata. Yablonska-gata.

New York Times skriv at deira journalistar har vore i Butsja i fleire veker for å samle dokumentasjon. Alle offera er identifiserte. Dei har intervjua ein overlever, rårørande, fleire augevitne, politiet, lokale styresmakter og militært personell.

Russland har nekta for at russiske styrker sto bak drapa og har kalla bilde som tidlegare er publiserte for falske. Avisa har ikkje fått svar frå Russland på spørsmål om korleis dei stiller seg til dei nye videobevisa.

Satellittbilder fra Butsja der sivile ligger i gata. Yablonska-gata.

Satellittbilete frå Yablonska-gata i Butsja i Ukraina teke 31. mars 2022 der drepne sivile framleis ligg i gata etter at russiske styrkar har dratt frå byen.

Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / REUTERS

Fleire sivile drepne

Tidlegare sa ordføraren i byen at hundrevis av sivile vart funnet drepne i Butsja førre månad. Fleire av dei døde vart funnet i same massegrav.

FNs høgkommissær for flyktningar har stadfesta at 50 vart drepne i Butsja.

Tidlegare har satellittbilde frå det private amerikanske teknologiselskapet Maxar Technologies vist at fleire lik låg i gatene i Butsja i over 3 veker, ifølge New York Times analyse.

Dermed vart dei drepne før dei russiske styrkane forlèt byen, ifølgje avisa.

SISTE NYTT

Siste nytt