Hopp til innhold

Nye testflygingar i dag

Det blir i dag gjennomført fleire testflygingar i fleire europeiske land for å analysere korleis oska frå vulkanutbrotet på Island påverkar flya.

Lufthansa har gjennomført fleire testflygingar.

Lufthansa gjennomførde fleire testflygingar i går.

Foto: MARIO VEDDER / AFP

Det var også i går fleire testflygingar. Korkje KLM eller Lufthansa registrerte skadar på flya som flaug gjennom oskeskyene, men ein del av flygingane vart gjennomførde på ei lågare høgd enn normalt.

Men KLM flaug eitt Boeing 737-fly over Nederland i normal høgd på 10.000 meter, og det var heller ikkje oppdaga skadar på dette flyet.

Vulkanautbrot

Store delar av luftrommet over Europa er framleis stengt på grunn av vulkanutbrotet under Eyafjällajøkull.

KLM seier dei håpar å kunne flyge sju fly tilbake til Amsterdam til Tyskland i dag, og håpar på å få løyve til å starte opp igjen nokre av rutene sine.

Lufthansa flaug i går ti fly frå München til Frankfurt i går. Ingen av flya viste teikn til skade korkje på vindauga i cockpiten, på skroget eller i motorane, seier selskapet sin talsmann Aage Dunhaft.

KLMs toppsjef Peter Hartman, som var med på ei av testflygingane, seier at dei ikkje oppdaga noko unormalt korkje på turen eller under inspeksjonen etterpå.

Også Alitalia og Air France har gjennomført testflygingar i dag.

Ingen norske

Ingen norske flyseselskap har hittil søkt om å få gjennomføre testflygingar for å finne ut om motorane blir påverka av oska frå vulkanutbrotet.

- Hittil er det ikkje kome søknader om denne type flygingar her i landet. Vi vil ikkje ta stilling til slike spørsmål før vi eventuelt har ein søknad på bordet. Men vi følgjer med på testflygingane ute i Europa, men vi har ikkje fått informasjon som kan tyde på at dei prognosane vi brukar er feil, seier Tor Iversen i Luftfartsverket til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt