Hopp til innhold

Nye takter frå Taliban: Opnar for kvinner i regjeringa

Taliban heldt tysdag sin første pressekonferanse etter at dei brått tok over makta i Afghanistan. Det dei seier, vekker oppsikt.

Afghanistan

Talibans talsperson Zabihullah Mujahid opna pressekonferansen med å seie at dette var «ein stolt augeblink for heile nasjonen».

Foto: Rahmat Gul / AP

Zabihullah Mujahid har vore ein sentral talsperson for Taliban gjennom 20 år. På grunn av sikkerheitsårsaker har han til no haldt sin identitet skjult, men tysdag stilte han opp og viste ansiktet sitt føre heile verdspressa.

Der sa han at dei jobbar med å forme ei inkluderande regjering, med plass til både ulike etnisitetar og kvinner.

I tillegg oppfordra han kvinner til å ta utdanning og jobbe.

– Kvinner vil vere veldig aktive i vårt samfunn, innanfor vårt rammeverk, seier Mujahid, som viser til dei islamske Sharialovene.

Vil vise forandring

Fleire kvinner fryktar eit nytt Taliban-styre vil sette rettane deira fleire tiår tilbake i tid. Mujahid at kvinnene vil jobbe «skulder til skulder» med dei, og han forsikra om at dei ikkje vil bli diskriminert i Afghanistan.

Dette er nye takter frå ein bevegelse som for 20 år sidan banka opp kvinner fordi dei ikkje gjekk med burka. No gjer dei alt for å vise at dei har forandra seg.

Zabihullah Mujahid, talsperson for Taliban.

Det er fleire av dei same folka som styrer Taliban i dag som for 20 år sidan. Dei ser visuelt heilt like ut som då, men utsegna er noko heilt anna.

Foto: Hoshang Hashimi / AFP

– Eg vil gjerne forsikre det internasjonale samfunnet at ingen vil bli skada. Vi vil ikkje ha nokon problem med det internasjonale samfunnet, understreka talspersonen ifølge BBC.

Taliban er opptatte av å få eit godt forhold til vestlege land igjen – land som dei har vore i krig med dei siste 20 åra.

Men dei er også tydelege på at dei vil følge Sharialovene.

– Vi har rett til å handle i samsvar med våre religiøse prinsipp. Andre land har forskjellige tilnærmingar, reglar og forskrifter. Også afghanarar har rett til å ha sine eigne reglar og forskrifter som samsvarar med våre verdiar, seier Mujahid.

Vil ikkje vere base for terror

Vestlege land har valt å stenge sine ambassadar på grunn av den urolege situasjonen i landet. Mujahid ber dei opne ambassadane igjen og halde diplomatiske kanalar opne.

Generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, sa at dei vil følge nøye med på situasjonen i landet framover. Blir Afghanistan ei frihamn for terrorgrupper som Al Qaida, vil dei opne for å angripe landet frå avstand.

Taliban lova derimot at Afghanistan ikkje vil tillate terroristar å ha base i landet. Dei vil ikkje ha fiendar.

Afghanistan

Tenestemenn i Taliban viser fram flagget sitt under pressekonferansen.

Foto: Rahmat Gul / AP

– Vi vil sikre at Afghanistan ikkje lenger er ei slagmark for konflikt. Vi har tilgitt alle som har kjempa mot oss, Mujahid.

Private medium får også lov til å halde fram og vere frie. Men Mujahid åtvara at dei «ikkje burde jobbe mot oss».

Trur dei meiner alvor

Men om dei meiner alvor eller om det er taktisk spel, vil tida vise. Konflikt- og folkerettsforskar ved Folkerettsinstituttet, Cecilie Hellestveit, trur vi kan stole på utsegna til Taliban.

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit i Folkerettsinstituttet kjenner situasjonen i Afghanistan godt. Ho meiner det er grunn til å tru at Taliban har forandra seg.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Det som er veldig lett å gjere no er å tenke tilbake til 1996, då Taliban tok over Afghanistan og installerte eit veldig radikalt og brutalt regime.

Men på 90-talet var Afghanistan ein svekka stat, øydelagt av borgarkrig. No vil Taliban vere alminnelege styresmakter, seier Hellestveit.

– Afghanistan i dag er ikkje eit fullstendig øydelagt land, så Taliban tar over ein heilt anna type nasjon no enn for 25 år sidan.

SISTE NYTT

Siste nytt