Hopp til innhold

Nye samanstøytar på Tahrir-plassen

KAIRO (NRK): Det var i føremiddag nye samanstøytar på Tahrir-plassen i den egyptiske hovudstaden Kairo. Demonstrantar kastar stein på politiet, som svarar med tåregass.

Ein demonstrant har fått tak i ein tåregassgranat.

Ein demonstrant har fått tak i ein tåregassgranat for å kaste han tilbake mot politiet.

Foto: Khalil Hamra / Ap

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Egypt
Foto: NRK

Fleire tusen demonstrantar er no samla på Tahrir-plassen igjen, etter harde samanstøytar mellom politi og demonstrantar i går kveld og i natt.

– Kjempa i 30 timar

NRK har snakka med fleire av demonstrantane på Tahrir-plassen i dag. Dei fortel at det er dei same personane som har kjempa mot politiet i 30 timar, utan mat og utan søvn.

Norham Zamzam og Dhalia Salam.

Norham Zamzam og Dhalia Salam har vore på Tahrir-plassen sidan i dag tidleg.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

– Tryggingsstyrkane brukar ein spesiell tåregass, og ingenting hjelper mot gassen. Det er ein slags nervegass, noko som gjer at vi ikkje kan flytte oss. men vi har plassen, dei klarte ikkje å kome inn, seier Norham Zamzam.

Venninna Dhalia Salam seier det slik:

– Eg kom for å berge revolusjonen. Eg har venta på at dette skulle skje i fleire månader, alt har gått nedover, seier ho.

Demonstranten Mohammed El-Taher seier at ingenting er endra etter revolusjonen.

– Folk krev fridom igjen. Det som er no, er det gamle regimet, seier han.

Demonstranten Mohammed el-Taher i Kairo.

Mohammed El-Taher meiner at ingenting er endra i Egypt etter revolusjonen-

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

Samstundes ber styresmaktene i landet demonstrantane om å bruke fornuft etter Minst én drept i sammenstøt på Tahrir-plassen i Kairo i går og i natt. Ein person miste livet i Kairo i går, medan ein vart drepen i samanstøytar i hamnebyen Alexandria i natt. Minst 750 vart såra i uroa, ifølgje offisielle tal.

Tahrir-plassen i Kairo var sjølv senteret for revolusjonen i Egypt tidlegare i går. det var dei store demonstrasjonane der som førde til at Hosni Mubarak måtte gå av.

Improvisert sjukestove

Demonstrantar sette fyr på politibil i Kairo.

Det var i går kveld harde samanstøytar på Tahrir-plassen i Kairo.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

På den improviserte sjukestova fortel legane til NRK at dei har behandla mange augeskadar. Legen Nimi Farouk fortel at fire menneske miste eit auge i går, og det var også mange ansiktsskadar.

Han fortel at legane på Tahir-plassen behandla rundt 1000 skadde, inkluderte småskadar.

Mesteparten av skadane kom som følgje av tåregass. Legane fortel at dei får forsyningar frå vanlege folk som vil hjelpe.

- Vi får det vi treng, alle rundt her sender forsyningar, mat og medisinar, seier Nirmi Farouk.

Islamistar tok til gatene

Det var i hovudsak islamistar som tok til gatene fredag, men gjennom helga har fleire andre grupperingar komme til Tahrirplassen. Dei skuldar dei militære makthavarane i landet for ikkje å ha endra noko etter at Mubarak vart styrta.

Det har i heile helga blitt ropt slagord mot leiaren for mililtærrådet som styrer Egypt etter revolusjonen, med krav om at marskalk Hussein Tantawi må trekkje seg. Tantawi var i mange år forsvarsminister under Hosni Mubarak.

– Fredelege demonstrasjonar er ein ukrenkjeleg grunnlovssikra rett, men det faktum at det utvikla seg til å bli valdeleg betyr at alle må kome til fornuft og ta ansvar, heiter det i ei fråsegn frå regjeringa.

Minst én drept i sammenstøt på Tahrir-plassen i Kairo

Egyptisk opprørspoliti klar til aksjon i Kairo.

Egyptisk opprørspoliti klar til aksjon i Kairo i dag.

Foto: Ahmed Ali / Ap

Starta etter fredagsbønna

Rundt 50.000 demonstrantar, dei fleste tilhøyrande organisasjonen Den muslimske brorskapen, inntok Tahrir-plassen fredag etter fredagsbønna. I går var det regelrette kampar mellom opprørspoliti og demonstrantar som ikkje ville fjerne seg frå plassen.

LES OGSÅ: Minst én drept i sammenstøt på Tahrir-plassen i Kairo

Brorskapen sitt politiske parti seier at demonstrasjonen fredag var ein protest mot eit grunnlovsutkast som gir militæret full kontroll over militære spørsmål og budsjettpolitikk.

Det er ein svært spent situasjon i Egypt berre vel ei veke før valet på nye nasjonalforsamling startar 28. november. Valet er det første i landet etter at det folkelege opprøret tvang Mubarak-regimet i kne.

Politiet brukte tåregass mot demonstrantane i Kairo.

Ein demonstrant har fått tak i ein tåregassgranat under samanstøytane i Kairo laurdag.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt