NRK Meny
Normal

Nye protestar mot Putin i Russland

Den norske ambassaden i Moskva oppfordrar nordmenn i Russland om å vere forsiktige i samband med dei store demonstrasjonane i dag. Protestane rettar seg først og fremst mot Vladimir Putin.

Stor demonstrasjon mot Putin i Moskva.

Mellom 10.000 og 30.000 menneske deltek i demonstrasjonen i Moskva.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

Det er demonstrasjonar mot styresmaktene, spesielt mot statsminister Vladimir Putin, over heile Russland i dag. I hovudstaden Moskva er det utplassert rundt 50.000 politifolk for å hanskast med demonstrantane.

Eduard Limonov er opposisjonsleiar i Russland.

Opposisjonsleiaren Eduard Limonov talar til demonstrantane i Moskva.

Foto: GRIGORY DUKOR / Reuters

Det er sett fram skuldingar om omfattande valfusk, slik at maktapparatet sitt parti, Vårt Russland, fekk registrert langt fleire røyster enn dei skulle ha hatt.

LES OGSÅ: Twitter-tabbe på Medvedev-konto

LES OGSÅ: Opposisjonen varsler nye demonstrasjoner i Russland

Uklart kor mange som deltek

Det er motstridande meldingar om kor mange demonstrantar som har møtt fram i Moskva. Dei ulike nyheitsbyråa opererer med tal frå 15.000 til 60.000. Moskva-politiet opplyser at 15.000 demonstrantar har møtt fram. 1500 av dei har samla seg ved statuen av Karl Marx.

Tidlegare statsminister Mikhail Kasjanov, som er ein av leiarane for demonstrantane, sa i ein tale til dei frammøtte på Bolotnaya-plassen i Moskva at det var 60.000, kanskje 100.000 menneske der.

Vi går ulike vegar, lyder teksten på plakaten.

Denne demonstrantene viser tydeleg kva han meiner om Vladimir Putin.

Foto: Mikhail Metzel / Ap

- Dette betyr at dagen i dag er starten på slutten fordei tjuvaktige politiske leiarane her i landet, sa Kasjanov blant anna i talen. Han leier eit politisk parti som ikkje fekk vere med i parlamentsvalet 4. desember.

På førehand vart det gitt løyve til ein demonstrasjon med 30.000 deltakarar i den russiske hovudstaden.

Frå Vladivostok til Kaliningrad

Det er demonstrasjonar i heile det enorme landet, frå Vladivostok på Stillehavskysten til enklaven Kaliningrad, som ligg inneklemt mellom Polen og Litauen ved Austersjøen.

I den nest største byen i Russland, St. Petersburg, opplyser at politiet at rundt 10.000 demonstrantar er ute i gatene. St. Petersburg er heimbyen til både Putin og Medvedev.

Fleire skal vere arrestert i St. Petersburg etter at dei ropte slagord mot makthavarane

Vi treng ekte demokrati, står det på denne plakaten.

Vi treng ekte demokrati, står det på plakaten denne demonstraten i Moskva ber.

Foto: Ilnar Salakhiev / Ap

Både kommunistar og demokratar deltek i protestane, som er dei største i Russland sidan 1990-talet.

Sinne mot Putin

Det har skapt sinne blant mange i Russland at statsminister Vladimir Putin har varsla at han vil stille som kandidat ved presidentvalet i landet neste år. Putin var president frå 2000 til 2008, då han vart erstatta av Dimitrij Medvedev. Medvedev utnemnde seinare Putin til statsminister.

Russlands grunnlov forbyr ein president å sitje meir enn to periodar, altså åtte år, men seier ingenting om ein president kan søkje attval etter å ha hatt ein periode der han har gjort andre ting.

Nyleg vart det klart at Putin blir partiet Vårt Russland sin presidentkandidat, og dette har vekt harme hos mange. Mange ser på Medvedev som ein rein marionett for Putin, som skulle regjere berre i vente av ein ny Putin-periode i presidentstolen.

Putin har også skulda USA for å ha ha støtta demonstrantane og økonomisk og oppfordra til uro.

Masseprotester mot Putin i Moskva.

Demonstrantane i Moskva trassa snøbygene og protesterte høglydt mot Putin.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

LES OGSÅ: Sikkerhetspoliti på gatene i Moskva

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt