Hopp til innhold

Scotland Yard sjekkar nye opplysningar rundt Dianas død

Britisk politi undersøkjer no ny informasjon dei har fått om bilulukka i Paris i 1997, der prinsesse Diana og kjærasten Dodi Al Fayed omkom.

Prinsesse Diana miste livet i ei trafikkulukke i 1997.

Prinsesse Diana, Dodi Al Fayed og sjåføren Henri Paul omkom i ei trafikkulukke i Paris 31. august 1997.

Foto: JEROME DELAY / Ap

Scotland Yard undersøkjer dei nye detaljane og vil vurdere kor truverdige og relevante dei er, seier dei i ei fråsegn. Det blir likevel understrekar at det ikkje er snakk om ei ny etterforsking av saka.

Prinsesse Diana

Prinsesse Dianas var enormt populær, og dødsfallet sende sjokkbølgjer gjennom det britiske samfunnet.

Foto: MARK LENNIHAN / AP

Dei nye opplysningane, som det britiske politiet ikkje vil gå i detaljar om, vil bli sjekka av ei gruppe spesialetterforskarar, melder BBC

Grov aktløyse

Prinsesse Diana og Dodi Al Fayed omkom i trafikkulukka i Pont de L'Alma-tunnelen l i Paris 31. august 1997. Ei gransking i 2008 konkluderte med at dei to miste livet på grunn av grov aktløyse av føraren av bilen, Henri Paul.

Det vart påvist at han var påverka av alkohol og andre substansar, og det vart også påpeikt at ingen i bilen brukte bilbelte. Den einaste overlevande var Dodi Al Fayeds si livvakt Trevor Rees-Jones.

Ulukka skjedde medan bilen dei køyrde i vart forfølgd av fotografar på motorsyklar, etter eit besøk på Hotel Ritz i sentrum av den franske metropolen.

LES OGSÅ: Diana-sjåfør var full

LES OGSÅ: - Prins Philip ønsket Diana død

«Operation Paget»

Dodi Al-Fayed; prinsesse Diana

Prinsesse Diana saman med Dodi Al Fayed.

Foto: PATRICK BAR / AP

Politiet gjer det også klart at dei nye opplysningane ikkje har noko med «Operation Paget» å gjere. Dette er politiet si etterforsking av skuldingane om at prinsesse Diana og Dodi Al Fayed vart myrda.

Denne teorien vart sett fram av den styrtrike egyptiskfødde forretningsmannen Mohamed Al Fayed, faren til Dodi Al Fayed. Han har skulda det britiske kongehuset for å ha teke livet av dei to, fordi dei ikkje kunne akseptere at mor til ein framtidig konge hadde eit forhold til ein muslim.

I desember 2006 konkluderte britisk politi med at det ikkje var grunnlag for påstandane om drap.

LES OGSÅ: – Nå kan Diana endelig få hvile i fred

LES OGSÅ: Fotografene skyld i Dianas død

LES OGSÅ: Frykter Diana-bilder

Gift med prins Charles

Prinsesse Diana var gift med Storbritannias tronarving, prins Charles, prinsen av Wales, og ho var mor til prins William og prins Harry. Ekteskapet vart oppløyst, men det var likevel enorm medieinteresse for prinsesse Diana og hennar privatliv

Paparazzi-bilde av prinsesse Diana i bilen sammen med livvakt og sjåfør kort tid før hun døde.

Dette paprazzibiletet er det siste som vart teke av prinsesse Diana (med ryggen til) kort tid før ulukka.

Foto: Anonymous / AP

LES OGSÅ: 30 år siden det historiske bryllupet

LES OGSÅ: Lederen for Diana-gransking slutter

LES OGSÅ: Avviser Diana-konspirasjoner

SISTE NYTT

Siste nytt