Hopp til innhold

Nye okseskadde i Pamplona

Tre personar vart skadde under okseløpet i sentrum av den nordspanske byen Pamplona i dag.

Video Okseløpet i Pamplona 13. juli 2010

VIDEO: Sjå det dramatiske okseløpet

Okseløpet i dag var det sjuande under den tradisjonsrike og verdskjende San Fermin-festivalen i år. Ein mann vart spidda i arma av eit oksehorn, medan to andre fekk andre skadar. Ingen av dei skal vere alvorleg skadde.

San Fermin-festivalen vart verdskjend då Ernest Hemingway brukte festivalen som kulisser for ein av dei mest populære bøkene sine, «Og solen går sin gang» (The Sun also Rises).

Frå å vere ein lokal festival til ære for skytsengelen til byen Pamplona, er det i dag eit ynda mål for festglade og nostalgiske menneske frå heile verda. Fleire hundre nordmenn deltek kvart år på den vekelange festen, som i stor grad er prega av mykje fyll og spetakkel.

Sidan 1911 har 15 menneske mist livet i denne bisarre tradisjonen, medan fleire tusen har blitt skadde.

Dyreverngrupper har i fleire år prøvd å stanse det tradisjonsrike okseløpet, men til inga nytte.

LES OGSÅ: Topp-matador spidda av oksen

LES OGSÅ: Spiddet av rasende okse

LES OGSÅ: To personer spiddet under okseløp

LES OGSÅ: 60 skadd i Pamplona

LES OGSÅ: Nedgangstider for spanske okseløp

LES OGSÅ: Peta protesterer mot okseløp

SISTE NYTT

Siste nytt