Fire redningskapslar prøvde etter tur å kople seg til naudluka på havaristen i det iskalde vatnet, medan tida renn ut for dei 118 om bord. Redningskapslane, som ikkje har folk om bord, har aldri tidlegare vore prøvde i naudsituasjonar.
Kraftige straum og dårleg sikt har gjort redningsarbeidet ekstra vanskeleg.
Sjefen for den russiske nordflåten, admiral Vjatsjeslav Popov, seier til tv-stasjon RTR at det ikkje har vore ny kontakt med mannskapet sidan onsdag, og at det difor er stor frykt for at dei vil sleppe opp for oksygen.
RTR melder at det var store skadar i baugen på ubåten, og at heile den fremste delen, inkludert brua der kapteinen heldt til, raskt vart fylt med vatn etter eksplosjonen. Om lag halvparten av mannskapet kan ha vore i den fremste delen av båten, og det er store sjansar for at desse er omkomne.
I dag tidleg var sjøen i ulukkesområdet langt rolegare enn han har vore dei siste dagane.
Den einaste gode nyheita i dag var opplysninga frå det britiske redningsteamet om at miniubåten som no er på veg, kan koplast til den russiske ubåten si naudluke. Miniubåten har tidlegare kopla seg til polske ubåtar, som nyttar same lukesystem som dei russiske.
(Artikkelen er basert på stoff frå NTB, AFP og DPA)