Tragediane står i kø i Middelhavet. Det kjem nesten daglege meldingar om overfylte båtar i elendig stand som havarerer på veg frå Nord-Afrika til Europa.
Den siste hendinga mellom Egypt og Kreta kan ha eit enormt omfang, men sidan redningsoperasjonen framleis held på er det vanskeleg å seie noko om kor mange omkomne det er.
340 berga
Straumen av migrantar over Middelhavet held fram for fullt, stort sett i overfylte farkostar.
Foto: ApDet skal ha vore over 700 menneske om bord i den havarerte båten, og hittil er 340 berga om bord i andre skip i live, melde nyheitsbyrået AFP kl. 12.40 i dag. Dette forliset skjedde truleg i natt.
Talsmann for den greske kystvakta, Nikos Lagadianos, seier til AFP at fartøyet truleg la ut frå Afrika med over 700 menneske om bord. Dette er det andre skrøpelege fartøyet som er oppdaga i dette farvatnet dei siste dagane, noko som indikerer at menneskesmuglarane
for å unngå dei patruljerande marinefartøya frå Nato.Det er uklart akkurat kvar migrantbåten starta turen og kva som var målet for reisa.
Oberst Ayoub Gassim i den libyske kystvakta seier til nyheitsbyrået AP at minst 104 døde menneske er henta opp av sjøen i nærleiken av byen Zuwara på Libyas vestkyst. Det er venta at talet på omkomne vil stige.
Likteljing
Han opplyser at den tomme båten vart funnen i går, men at forliset kan ha skjedd så tidleg som onsdag.
Gassim skuldar europeiske land for ikkje å gjere anna enn å telje lik i forsøket på å stanse straumen av migrantar. Det er rekna med at
ventar i Libya i håp om å kome seg med ein båt til Europa.Over 2500 menneske har drukna på veg frå Afrika til Europa hittil i år, dei fleste på veg til Italia frå Libya. Sist veke vart det meldt at så mange som
i eit forlis utanfor kysten av Libya.