– Vi må nesten forvente at det er piratgrupperingar som prøvar seg om og om igjen, seier Stig Jarle Hansen til NRK.
Han har lenge har forska på Somalia, Jemen og områda rundt Adenbukta, der fleire hundre skip årleg blei kapra mellom 2009 og 2011 og måtte betale fleire hundre millionar kroner årleg i løysepengar.
NATO-operasjonen er avslutta
NATO-soldatar, blant dei norske, blei sende til Adenbukta for å hjelpe til i kampen mot piratane. Det gav resultat til havs, og dei siste fem åra har det ikkje vore vellukka kapringar i området – fram til no.
Litt av mannskapet på "Aris 13" etter at dei har vore gissel hos somalske piratar i fleire dagar i mars i år. Etter fleire år med lite kapringar har talet no teke seg opp.
Foto: STRINGER / ReutersEtter at Nato i desember i fjor avslutta sin operasjon i området har det igjen vore kapringar av skip, for første gong på fem år.
Ifølge Jyllands-Posten er tre skip kapra berre dei siste månadene, noko som uroar direktør i Danske Rederier Anne H. Steffensen. Rederiforbundet i Noreg seier til NRK at de følger situasjonen i Adenbukta nøye.
Bakmennene går fri
Hansen peikar på at ein aldri har klart å få bukt med bakmennene i Somalia, som slit med sikkerheita, i tillegg til etterverknadene av fleire tiår med borgarkrig.
– Det som har vist seg er at toppleiarane innanfor piratverksemda har gått fri i Somalia. Det er berre eit par toppleiarar som har blitt arrestert, og dei har blitt arrestert utanfor Somalias grenser. Dei gongene ein har prøvd å ta toppane internt i Somalia har dei mystisk forsvunne ut av fengslene.
Dei gongene ein har prøvd å ta toppane internt i Somalia har dei mystisk forsvunne ut av fengslene, seier professor Stig Jarle Hansen. Her er eit fengsel som skal rehabilitere piratar og jihadistar frå terrorgruppa al-Shabaab. No etterforskar FN og USA mogleg samarbeid mellom dei to gruppene.
Foto: MOHAMED ABDIWAHAB / AfpCNN kunne tidlegare i juli melde at FN og USA etterforskar minst to bakmenn skal ha gitt materiell støtte til terrorgrupper som al-Shabab og IS si grein i Somalia, to grupper som seg imellom er rivalar.
– I verste fall samarbeider dei aktivt, men i det minste får Al-Shabaab ein del av fortenesta til piratane som held til i Shabaab-kontrollerte område. Det har også vore tilfelle der Shabaab skattlegg piratana, seier Jason Warner, professor ved militærakademiet West Point til CNN.
- Les også:
Viktig å ikkje redusere sikkerheitstiltaka
Oceans Beyond Piracy, ein organisasjon som arbeider mot piratverksemda, skriv i sin siste rapport om maritim sikkerheit at medan ein brukar mindre pengar på å motverke piratverksemd internasjonalt har lite av dette gått over på tryggingstiltak regionalt, og fryktar at dette kan føre til ei oppblussing av piratverksemda.
Ifølge Hansen er det spesielt viktig nå å ikkje redusere sikkerhetstiltakene på de mange tusen skipa som kvart år passerer den smale bukta
– Piggtråd, privat sikkerheit på skipa, å køyre bestemte ruter på bestemte måtar osv., dette må halde fram i ganske lang tid framover.