Hopp til innhold

Nye kampar nær vassforsyninga til Damaskus

Søndag blei det meldt om nye kampar i Wadi Barada-dalen utanfor Damaskus, trass i ei ny våpenkvile i landet. 5 millionar menneske i hovudstaden er inne i si tredje veke utan vatn, etter at vatnet herifrå blei kutta.

Vannhenting i Damaskus

Eit par gutar på veg heim med vatn dei har henta i ei offentleg spring i Damaskus, 3. januar 2017. Assad prøvar å få tilbake kontrollen over Wadi Barada-dalen som står for ein stor del av vassforsyninga til hovudstaden.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

Wadi Barada-dalen, nordvest for Damaskus, er hovudkjelden for vatn for store delar av den syriske hovudstaden. Sidan forsyninga blei kutta 22. desember har rundt 5 millionar innbyggarar vore utan vatn.

Regimet skuldar Fateh al-Sham, tidlegare kjend som Nusra-fronten, for å ha kutta forsyninga. Dei er til liks med IS ikkje ein del av avtala om våpenkvile som kom i stand mellom Tyrkia og Russland like før nyttår.

Opposisjonen avviser at gruppa er til stades i området, og meiner at det er regimet sine luftangrep som har øydelagd vassanlegget.

Syrisk hamam

Med manglande vassforsyning heime nyttar nokre av innbyggarane seg av hamaren, det tyrkiske badet som tidlegare var svært utbreidd også i Syria. Ei gammal legende fortel at Damaskus ein gong hadde 365 slike bad, ein for kvar av årets dagar.

Foto: LOUAI BESHARA / AFP

FN uroa for smittsame sjukdommar

Etter ei kort lokal våpenkvile i helga i påvente av reparasjon av anlegget skal den libanesiske militsen Hizbollah ha annonsert ein oppattaking av sine operasjonar her søndag. Dei ser området som ein del av si innflytelsessone.

Opprørarar hevdar ifølge nyheitsbyrået AP at våpenkvila feila fordi regimet har bedt opposisjonen om å gi opp kontrollen over heile dalen. Ifølge eit lokalt mediesenter har det vore minst 13 luftangrep søndag.

Barada-elva

Barada-elva som går gjennom hovudstaden Damaskus er ikkje like frodig som den ein gong var.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

I dalen ligg det ein klynge av 10 landsbyar som har vore opprørskontrollerte sidan 2012, skriv Diana Darke, ekspert på Midtausten-kultur, på BBC sine nettsider.

Barada-elva som renn herfrå gjennom hovudstaden har vore ei viktig vasskjelde sidan bibelsk tid, men er ifølge Darke i dag berre er ein skugge av elva i områdets meir frodige fortid. Wadi Barada-dalen var tidlegare populær for utflukter blant innbyggarane i Damaskus.

Vassmangelen her kan auke faren for smittsomme sjukdommar, ikkje minst blant barna, og FN har uttrykt djup uro over situasjonen.

Assad kritiserer Erdogan for fengslingar

Samtidig seier president Bashar al-Assad at han framleis er optimistisk til fredsforhandlingane som etter planen finn stad siste veka i januar i Astana, hovudstaden i Khasakstan.

Det fortel den franske parlamentarikaren Thierry Mariani, som er ein del av ei gruppe franske parlamentarikarar som besøkte Damaskus søndag.

Bashar al-Assad og Thierry Mariani

Ein delegasjon franske parlamentarikarar på besøk hos president Assad søndag.

Foto: STRINGER / AFP

Ifølge Mariani skal Assad også ha kritisert den tyrkiske presidenten for alle fengslingane i etterkant av mislukka kuppforsøket førre sommar, og skulda han for å fengsle «fleire politiske fangar enn alle dei arabiske landa samanlagd». Han er ikkje den første som har kritisert Tyrkia for arrestane, som råkar langt fleire enn dei som blir mistenkte for å vere involverte i kuppforsøket.

Tyrkias utanriksminister åtvara på si side onsdag om at dei planlagde fredssamtalane om Syria er i fare om ikkje brota på våpenkvila stansar.

Tyrkia har vore inne på bakken i Syria sidan august med militæraksjonen Eufrats skjold. Dei kjempar både mot IS og kurdiske styrker i grenseområda til Tyrkia.

Rundt 50 menneske blei laurdag drepne i eit angrep med ei bilbombe i den opprørskontrollerte byen Azaz i Aleppo-provinsen, nær grensa til Tyrkia. Ingen har teke på seg skulda for angrepet, men IS er mistenkte. Dei har stått bak tidlegare tilsvarande angrep i byen, og er ikkje omfatta av våpenkvila.

Bilbombe i Azaz

Apokalyptiske scener etter at ei bilbombe gjekk av i den syriske grensebyen Azaz laurdag. Byen ligg like ved den tyrkiske grensa, og blir kontrollert av syriske opprørarar som er omfatta av våpenkvila.

Foto: STRINGER / AFP