NRK Meny
Normal

Nye Icesave-samtalar måndag

Icesave-forhandlingane mellom Island, Nederland og Storbritannia blir tekne opp igjen måndag, opplyser den islandske finansministeren.

Icesave på nettet

Steingrimur Sigfusson seier at ei ny islandsk forhandlingsgruppe skal delta på møtet, men vil ikkje seie kvar forhandlingane skal haldast.

Det var også ein forhandlingsrunde i januar, men denne vart avslutta utan resultat.

Forhandlingane skal avgjere kor mykje Island skal betale i erstatning etter at nettbanken Icesave gjekk konkurs hausten 2008.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt