Ein mann i 50-åra vart tysdag føremiddag skoten og drepen i Malmø, den tredje største byen i Sverige.
Vitne fortel til SVT at personar som var på staden måtte springa i dekning då det blei losna skot i området.
Skytedrapet er det femte i Malmø sidan 24.november 2010, og skjer berre dagar etter at ein 15år gammal gut blei drepen av eit skot i hovudet under nyttårsfeiringa.
– Dette er ein eksepsjonell situasjon, sa politimeister Eva Årestad Radner på ein pressekonferanse etter drapet tysdag, ifølgje SVT.
Dreg parallellar til drapsbølgje i 2010
Svensk politi trekkjer no parallellar til situasjonen i byen då den såkalla Malmø-skyttaren både drap og forsøkte å ta livet av fleire personar med innvandrarbakgrunn på kort tid i 2010.
- BAKGRUNN: Alt om snikskyttaren i Malmø i 2010
– Dette begynner å likna på den situasjonen me hadde under perioden med serieskyttaren, seier politimeister Radner til den svenske fjernsynskanalen.
Drapsbølgja som den gongen rysta den svenske byen, tok først slutt då Malmø-skyttaren, ein 39år gammal mann vart pågripen den 6.november 2011.
Mannen er no tiltalt for tre drap og tolv drapsforsøk. Svensk politi etterforskar framleis fleire drapsforsøk som dei mistenkjer at 39-åringen kan ha stått bak.
– Ikkje ny serieskyttar
Politiet set no alle klutar til for å få slutt på drapa. Dei avviser likevel at det er snakk om ein ny serieskyttar.
– Me vurderer det som at det ikkje er ein ny serieskyttar på ferde. Men me kjem til å be gjerningsmannprofilgruppa om å sjå på nokre av drapa. Me vil be om deira hjekp for å vera sikre, opplyser Börje Sjöholm i Länskriminalpolisen.
Malmøpolitiet har også omdisponert lokalt personell og får hjelp frå svenske rikskriminalpolisen, som tilsvarar Kripos i Noreg.
– Når me har så mykje på ein gong gjeld det å få struktur på arbeidet. Difor gjer me det same no som under serieskytinga i 2010, og spesialkommanderer politifolk til å hjelpa til i etterforskinga, opplyser politimeisteren.
Politiet vil også styrka sitt nærvær i byen. Frå og med i kveld vil politipatruljar vera godt synlege i gatene, og snakka med folk i området der det siste drapet skjedde.
En 50-åring ble tirsdag skutt og drept i Malmø - offer nummer fem på fem uker.