NRK Meny
Normal

Tre utanlandske legar drepne i Nigeria

Nigerianske styresmakter reknar med at det er den islamistiske opprørsgruppa Boko Haram som står bak drapa på tre utanlandske legar i byen Potiskum nord i landet i går.

10 helsearbeidarar drepne i Kano i Nigeria.

Ti helsearbeidarar vart drepne i væpna islamistar i Kano i det nordlege Nigeria sist fredag. Laurdag vart tre legar drepne i Potiskum.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Fredag vart ni kvinner og ein mann som jobba i eit vaksineprogram mot polio drepne i Kano, , den største byen i Nord-Nigeria. Ytterleggåande muslimar meiner at vaksineprogrammet er eit vestleg forsøk på å forgifte nigerianarar.

Boko Haram-leder

Den ytterleggåande islamistgruppa Boko Haram får skulda for angrepa mot helsearbeidarane i Nigeria.

Foto: Anonymous / Ap

Dei tre legane var heime då dei vart drepne. Dei hadde ikkje tryggingsvakter, og dei budde i eit til vanleg roleg nabolag. Minst ein av sørkoreanarane skal vere halshogd.

Det herskar forvirring omkring nasjonaliteten til dei tre legane. Det vart først meldt at dei var frå Kina, seinare at dei var frå Sør-Korea. Dei siste meldingane tyder på at dei var nordkoreanske.

– Fleire arresterte

Politikommissær Sanusi Rufai stadfestar overfor nyheitsbyrået Ap at angrepet fann stad i går kveld, at dei har starta etterforsking og at fleire personar alt er arresterte. Det treng ikkje bety så mykje. Politiet er denne delen av Nigeria er kjende for å arrestere dei som oppheld seg i nærleiken av ein åstad, utan nokon spesiell mistanke.

Nigeria er berre eitt av tre land i verda der sjukdomen polio framleis er utbreitt. Dei to andre landa er Pakistan og Afghanistan

. Også i desse landa har ytterleggåande muslimar gått til angrep på helsearbeidarar som har jobba i utanlandske vaksineprogram.

LES OGSÅ: – Boko Haram kuttet over strupen til 15 kristne i Nigeria

LES OGSÅ: Aksjoner mot Boko Haram i Nigeria

Ynskjer islamsk stat

Opprørsgruppa Boko Haram arbeider for å innføre ein islamsk stat i den nordlege delen av Nigeria, der muslimane er i fleirtal. Dei har fleire gonger trua med å drepne kristne, om dei ikkje flyttar frå den nordlege delen av landet.

Gruppa har også ofte gått til angrep på kyrkjer, politistasjonar og militærleirar.

Drapa på helsearbeidarane sist fredag kom etter at ein lokal imam i Kano åtvara mot vaksinasjonsprogrammet mot polio. Samstundes sende fleire radiostasjonar innslag der vaksinasjonsprogrammet vart skulda for å vere ein del av ein vestlege konspirasjon mot muslimar.

Rundt 3000 menneske er drepne i angrep frå Boko Haram i Nigeria sidan 2009.

LES OGSÅ: Boko Haram vil ta konene til nigerianske leiarar

LES OGSÅ: Minst 19 drept i kirkeangrep

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt