Tre eksplosjonar kunne høyrast i dei sørlege delane av byen, og to andre eksplosjonar kunne høyrast nærare sentrum.
- Den siste eksplosjonen var kraftig. Hotellet rista, fortel Reuters-korrespondent Hassan Hafidh.
I dag tidleg blei det høyrt til saman ti kraftige eksplosjonar sør for Bagdad.
Og også i natt slapp amerikanske og britiske fly bomber over den irakiske hovudstaden. Det var då fleire kraftige eksplosjonar i sentrum av byen.
Journalistar i byen fortel at dei sørlege og austlege delane av Bagdad er dekt av svart røyk frå brennande grøfter fylte av olje.
Kommandosentralar
Røyk stig opp over Bagdad etter angrepa i natt. (Foto: Faleh Kheiber/Reuters)
Amerikanske militære kjelder opplyser at eit av presidentpalassa til Saddam Hussein, kommandosentralar og ein av bygningane til etterretningstenesta har vort mellom måla som har vore bomba sidan i går kveld.
I tillegg skal bomber vere sleppte mot eit treningsanlegg for paramilitære styrkar aust i Bagdad, går det fram av opplysningane frå dei amerikanske kjeldene.
Dei irakiske styresmaktene opplyser at nær 600 sivile irakarar er drepne i krigen, men dette er ikkje stadfesta av andre kjelder.
Også i byen Mosul i Nord-Irak var det luftangrep i natt.
Bensinlager bomba
Britiske kampflygarar har øydelagt eit stort bensinlager ved byen Karbala sørvest for Bagdad, hevdar skvadronsjefen.
Bensinen blei brukt av Republikanargarden til Saddam Hussein, opplyste han.
Telegrambyrået AFP skriv at oberstløytnant Andy Suddards sa at han og andre flygarar i skvadronen gjekk til angrep mot bensinlageret med kampfly av typen Harrier, som kan starte og lande loddrett.
Dei er derfor ikkje avhengige av rullebanar, og kan operere frå provisoriske og svært enkle basar.
- Eg fyrte av ein enkelt rakett mot hjartet av drivstofflageret som ligg vest-nordvest for Karbala, og som blir brukt av Republikanargarden.
Resten av formasjonen følgde etter og sleppte fire laserstyrte bomber og nokre fritt fall-bomber, fortalte Suddards.
Tap
Er bensinlageret øydelagt kan det innebere at dei irakiske elitestyrkane er påførde eit merkbart tap.
Stridsvognene og dei andre køyretøya til Republikanargarden er til inga nytte, dersom garden ikkje har tilgang til bensin.
Ei av oppgåvene til garden er å forsvare Karbala, som ligg 80 kilometer sørvest for Bagdad.
Talsmenn for det britiske flyvåpenet, RAF, hevdar at dei tidlegare har øydelagt delar av det tunge artilleriet til Republikanargarden.