Hopp til innhold

Nye blodige samanstøytar i Jemen

Presidenten i Jemen har innført unntakstilstand i landet, der minst 40 regimemotstandarar fredag vart skotne og drepne i nye kampar.

Opptøyer i Jemen

Uroa held fram i Jemen, der demonstrantane er urokkelege i sitt krav om at presidenten går av.

YEMEN-DAILYLIFE

Også i går var det store demonstrasjonar i hovudstaden i Jemen, Sanaa.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

President Ali Abdullah Saleh seier skotvekslinga som fann stad etter fredagsbøna er beklageleg, og innfører unntakstilstand i landet, som er det fattigaste på Den arabiske halvøya.

I tillegg til dei om lag 40 drepne, er meir enn hundre personar såra, fortel doktorar og augevitne til AFP.

– Situasjonen er tragisk, me får ikkje koma til for å hjelpa dei skadde, seier Abdul-Qawi al-Shumeiri, som er generalsekretær i fagrørsla til doktorane i landet.

– Sivilkledde skarpskyttarar

Tilhengjarar av regimet til president Saleh skal ha opna eld mot titusenar av demonstrantar som oppheld seg i nærleiken av universitetet i hovudstaden.

Opprørarane hevdar at sivilkledde skarpskyttarar ligg på hustak og skyt mot folk.

– Ungdommar har storma ein av bygningane og arrestert sju skarpskyttarar, seier aktivisten Mohamed al-Sharaby til Reuters.

Protestane held også fram i andre byar i landet, frå hamnebyen Aden i sør til Hodeida i vest.

Avviser kompromiss

Saleh har sete som president i i Jemen i 33 år. Presidenten har varsla folkeavstemming om ei ny grunnlov og overgang til parlamentarisme i 2013.

Forretningsmenn har nyleg sett i gang samtalar for å finna ei fredeleg løysing på konflikten i landet.

Folkemengda i Sanaa markerer i dag sin motstand mot eit kompromiss, og held fast på kravet om at president Saleh må overlata makta til ein ny demokratisk vald leiar med det same.

Fleire tusen menneske har budd i leirar på Universitetsplassen sidan slutten av februar.

SISTE NYTT

Siste nytt