Det er ein spent situasjon i Gaza og det sørlege Israel. Skulebarn blir haldne heime, ingen veit kva som skjer vidare.
Trass meldingar om våpenkvile mellom Hamas og Israel måndag kveld, blei det gjennomført fleire angrep i natt og tysdag morgon.
Palestinarar utanfor eit av bombemåla for dei israelske bombeflya i formiddag.
Foto: MAHMUD HAMS / AFPFlyalarmen gjekk
Ifølge Jerusalem Post har til saman tretti rakettar blitt skotne frå Gaza mot sørlege Israel, mens israelske kampfly har gjennomført 15 angrep mot mål på Gazastripa.
Alarmen gjekk blant anna i byen Sderot gjennom natta. Nokre av rakettane er blitt stansa av det israelske rakettforsvaret, mens andre skal ha landa i åpent lende. Det er ikkje meldt om skadde.
ANGREP: Bombing av mål inne på Gazastripa i går kveld.
Foto: MAHMUD HAMS / AFPVåpenkvile?
Blant bombemåla i Gaza var militære installasjoner som tilhøyrer Hamas og gruppa Islamsk jihad. Rakett- og luftangrepa held altså fram etter at Hamas måndag hevda å ha inngått ein våpenkvileavtale med Israel.
– Avtalen blei forhandla fram med hjelp frå Egypt, ifølge Hamas-talsmann Fawzi Barhoum. Styresmaktene i Israel har ikkje kommentert desse opplysningene.
Kontoret til Hamas-leiar Ismail Haniyeh blei angripe måndag, men Hamasleiinga skal ha gått i dekning etter varselskot før angrepet.
Avbraut besøk i Washington
Shlomo Moskowitz viser fram skader på huset i Sderot sør i Israel etter angrep fra Gazastripa i går.
Foto: Tsafrir Abayov / APDet var måndag morgon at ein rakett frå Gaza-stripa traff eit hus i det sentrale Israel og sju menneske blei skadde. Israels statsminister Benjamin Netanyahu avbraut besøket sitt i USA og vende tilbake til Israel.
– Israel vil svare med styrke på dette angrepet, sa Netanyahu før han forlet Washington.
Valden over grensa mellom Israel og Gaza kjem berre to veker før det er val i Israel 9.april. Statsminister Benyamin Netanyahu blir utfordra av tidlegare forsvarssjef Benny Gantz.
- Les også: