19 sivile blei drepne og over 100 blei såra då hæren i Sudan angreip ein marknad i hovudstaden Khartoum med artilleri og jagarfly på onsdag, skriv The Guardian.
Hæren gjekk til angrep mot militære mål i Khartoum. Det var i samband med dette angrepet at ein sivil marknad blei ramma.
I over seks veker har det vore intense kampar mellom hæren og eit paramilitær. Mange sivile er drepne, og talet aukar. Det finst ingen oppdaterte offisielle tal.
Over ein million sudanarar skal vere på flukt. Siham Kamal er ein av dei som har flykta:
– Vi måtte berre ta med det viktigaste. PC og identifikasjonspapir.
Siham (til venstre) og dei tilsette i bedrifta hennar flykta frå Khartoum. Ei er att, men dei får ikkje kontakt med ho.
Foto: PRIVATKamal bur eigentleg i Khartoum med familien sin, og har ei bedrift som driv med interiørdesign. I slutten av april måtte dei flykte frå Sudan, og reiste til Kairo i Egypt.
Ei lang rekke konfliktar
Konflikten i Sudan er den siste av ei lang rekke i landet dei siste åra.
I 2019 gjekk folket i Sudan ut i gatene for å demonstrere.
Omar al-Bashir, som hadde hatt makta i nær 30 år, blei avsett av eit militærkupp. Ei overgangsregjering kom på plass, men hæren og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) gjorde eit nytt militærkupp.
«Woman in White»: Fredsaktivisten Alaa Salah blei eit symbol på protestane i 2019, då ho stod på ein bil og leidde ein fredeleg demonstrasjon.
Foto: - / AFPDei prøvde å samarbeide, men det fungerte ikkje.
No er det desse to styrkane som er skyld i uroa i landet, og vegen mot demokrati ser igjen lang ut for det sudanske folket.
Kamal fortel om ein frustrerande situasjon:
– RSF okkuperte flyplassen, så ingen kunne evakuere.
Ikkje alle kan reise
Einaste måten å kome seg ut er ved hjelp av bil, buss eller taxi. Ifølge ho reiser mange til landsbyar utanfor Khartoum, eller ut av landet viss ein greier det. Men det er ytst få som har moglegheit til det:
– Veldig få kan flykte. Veldig få har sparepengar, seier ho til NRK.
Kamal og familien reiste med buss til grensa til Egypt, kor dei måtte vente to døgn for å ta ein ny buss til Kairo.
Foto: PRIVATOg viss ein først har pengar til å reise, er reiseruta farleg:
– Vi møtte så mange barrikadar av RSF. Dei kan vere veldig audmjukande og frekke. Du må verkeleg vere roleg og samla. Ikkje svar noko dei ikkje vil høyre.
Alt endra seg på ein dag
Kamal fortel om dagen det skjedde, 15. april:
– Folk gjekk på jobb, så endra alt seg. Etter to-tre dagar var det umogleg å få tak i mat. Ein kunne døy av tørste og lite tilgjengeleg mat. Folk fekk panikk.
Ho fortel om plyndring og ran, om desperate folk som tek seg inn i hus på jakt etter pengar og mat.
Må finne nytt arbeid
Sjølv om Kamal håpar å kunne reise tilbake til Khartoum, førebur ho seg på å måtte vere i Kairo ei stund.
Kamal brukar tida på å male, mellom anna på putetrekk.
Foto: PRIVATHo måtte forlate både heimen sin og arbeidet sitt. No brukar ho mykje tid på å male og lage skulpturar, og skal prøve å tene pengar på det i Kairo.
Saudi-Arabia og USA har vore meklarar i konflikten, men så langt har det ikkje skjedd framgang. Fleire våpenkviler er brote, og det er usikkert kva som vil skje framover.
Som følge av dette, har USA sanksjonert sudanske leiarar.
Høyr også: