Hopp til innhold

Ny vår for somaliske bananar

På 80-talet kunne Somalia tene 750 millionar årleg på bananeksport. Etter tiår med krig har bananen på ny blitt ein av Somalias viktigaste eksportvarer.

På 80-talet kunne Somalia tene 750 millionar årleg på bananeksport. Etter tiår med krig har bananen på ny blitt ein av Somalias viktigaste eksportvarer.

Fram til på 90-talet var bananproduksjon ein millionindustri i Somalia. No tek bananeksporten seg opp att på ny, etter fleire tiår med krig.

SOMALIA A vendor displays bananas at his stall in Somalia capital Mogadishu as Muslims prepare for the fasting month of Ramadan

Ein bananseljar rettar litt på varene på ein fruktmarknad i Mogadishu.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

To unge menn står med ein machete kvar under armen. Dei har teke seg ein pause frå jobben, og et nokre bananar i skuggen.

Dei er del av ein industri som opplever ein vekst etter fleire tiår med krig og uro i Somalia.

Sel bananar til Midtausten

For det har ikkje vore mange positive nyheiter frå Somalia dei siste åra. I 1991 vart landet kasta ut i anarki og kaos etter at president Mohammed Siad Barre vart kasta i eit kupp. Sidan den gong har det meste av næringsverksemd vore ikkje-eksisterande i landet på Afrikas Horn.

Men etter at Amisom-styrken frå Den afrikanske union har klart å skape ein viss tryggleik i landet dei siste åra, så vaknar gamle industriar til liv att. Ein av dei er altså bananindustrien, som fram til 1991 kunne omsette for 750 millionar årleg.

No finn somaliske bananar på ny vegen over Adenbukta, til Midtausten.

– I dag sender me 12 konteinarar med bananar til Iran, etter at me signerte ein kontrakt med eit iransk selskap, fortel plantasjeeigar Hassan Mohamud Farah.

Misnøgde på marknaden

Også i Saudi-Arabia kan ein finne somaliske bananar til sals, men vegen er lang for å komme tilbake til dit ein var på 90-talet. Så langt er berre ein tredjedel av dei opphavlege bananplantasjane tekne i bruk.

Men det er ikkje alle som jublar over bananeksporten. På marknaden i Mogadishu har prisane meir enn dobla seg dei siste vekene på grunn av den auka konkurransen frå utlandet.

– Bananar brukte å vere veldig billige, men prisen er no fordobla. Folk likar ikkje prisauke, og ein kan ikkje tvinge folk til å betale meir. Bananeksporten skapar problem for oss, seier frukthandlar Liban Ali Hassan.

SOMALIA-DAILYLIFE/ Fishermen carry fish from the vessels in the Gulf of Aden to the shores of Bosasso, northern Somalia's breakaway Puntland region

To fiskarar fraktar sin store fangst opp på land etter ein vellukka fisketur i Adenbukta.

Foto: FEISAL OMAR / Reuters

Også auke i fiske

Men det er ikkje berre bananarbeidarane som opplever oppgang i Somalia. Etter at piratane som herja i Adenbukta forsvann, er det fiskarane som har teke over. Mange av dei som var piratar har no gått tilbake til å bli fiskarar.

Den lange somaliske kysten skaper perfekte tilhøve for fiskeindustri, men mengda illegal fisking har også vore eit stort problem i Somalia.

FN og somaliske fiskestyresmakter fryktar at det illegale fisket kan føre til auka piratverksemd igjen.