Hopp til innhold

Ny utsetjing for Gaza-flåte

Det blir ytterlege forseinkingar for båt-aksjonistane som vil utfordre den israelske blokaden av Gazastripa.

Skip ligger til kai Aten

Skip til Gaza-båtane har problem med å kome seg av garde.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

I kveld blir det meldt at også den irske båten, «Saoirse», som er gælisk og betyr fridom, har fått problem med propellen, og arrangøren seier at dei er utsette for sabotasje igjen.

Problem med propellen

Ship to Gaza

Dei norske deltakarane ventar utolmodig på å kome seg frå Hellas.

Foto: Holm Morten/Scanpix

- Den irske båten har fått problem med propellen. Vi veit ikkje kor alvorleg det er, men vi trur båten har vore utsett for sabotasje, seier koordinator for Gaza-flåten i Hellas, Claude Leostic til nyheitsbyrået AFP.

I går det den nors-svensk-greske båten «Juliano» som fekk problem med propellen, og aktivistane var ikkje i tvil om at propellen rett og slett var saga av under vatn .

Skaden vil ikkje bli reparert før tidlegast laurdag.

Det er til saman ti båtar som har planlagt å gå ut frå hamner i Hellas for å prøve å bryte Gaza-blokaden. Aktivistane har også store problem med å få dei naudsynte siglings-godkjenningane frå greske styresmakter.

LES OGSÅ: – Flotilla-båter vil angripe soldater med svovelsyre

LES OGSÅ: – Norske myndigheter har ikke gjort nok for å stanse konvoi-deltagere

To av ti godkjende

Berre to av ti båtar har fått godkjenning, og skipa kjem truleg ikkje av garde før tidlegast laurdag.

Den amerikanske båten «Audacity of Hope» har fått problem med forsikringa, og arrangøren skuldar amerikanske styresmakter for å ha pressa Hellas til å hindre dei frå å reise frå landet.

Claude Leostic seier det ikkje blir snakk om å setje kursen for Gazastripa før alle båtane er klare.

.- Vi må halde saman. Det blir ikkje snakk om å leggje ut med berre nokre få båtar før dei andre er klare, seier ho.

LES OGSÅ: Nekter å losse nødhjelpen i Egypt

Utolmodige aksjonistar

Fleire av deltakarane i aksjonen, som no ventar utolmodig i den greske hovudstaden Aten, har byrja å tvile på om dei i det heile kjem seg av garde. Claude Leostic seier det slik:

- Og skulle det vise seg at vi ikkje kjem oss av garde, så er ikkje det eit nederlag. Berre det å kome så langt som vi har gjort, er ein politisk siger, seier Claude Leostic.

SISTE NYTT

Siste nytt