Etter ein lang periode utan alvorlege samanstøytar i det omstridde grenseområdet mellom Israel og Libanon, gjekk i dag Hizbollah-geriljaen til angrep på eit israelsk militært køyrety.
Ei bombe vart detonert ved eit israelsk militært køyrety på patrulje i det osmtridde Sheeba Farm-området, og minst ein israelsk soldat vart drepen. Libanesiske tryggingskjelder seier at tre andre israelske soldatar vart skadde, to av dei kritisk.
Kort tid etter eksplosjonen blei det meldt at israelsk artilleri gjekk til angrep på eit område i Sør-Libanon. Ein time seinare gjekk to israelske kampfly til angrep på mål i same området. Målet var truleg ei Hizbollah-stilling ikkje langt frå grensa.
Ein fransk offiser i FNs observatørgruppe soom overvakar grenseområdet mellom Israel og Libanon, vart i ettermiddag drepen då bilen til observatørane kom i krysseld mellom israelske styrkar og Hizbollah-geriljaen. Dette opplyser ei FN-kjelde i Beirut til Reuters.
Libanesisk politi stadfestar at ein fransk offiser er drepen, og at ein svensk observatør og ein libanesisk sjåfør vart skadde i angrepet.
Israelske militære kjelder stadfestar at det har vore ein eksplosjon ved eit israelsk militært køyrety i området, og at to israelarar vart skadde.
Den israelske hæren har ikkje kommentert meldinga, men har stadfesta at det har vore trefningar mellom israelske soldatar og Hizbollah-geriljaen i grenseområdet.
Angrepet skjedde i eit område som blir kalla Sheeba Farms, som ligg på den israelske sida av grensa. Hizbollah meiner området tilhøyrer Syria.