Det starta i natt med at ein væpna palestinar frå den ytterleggåande organisasjonen Hamas vart drepen under uklare omstende like ved grensa mellom Gazastripa og Egypt.
Hamas seier at mannen vart drepen då israelske soldatar utløyste ei bombe, men dette blir avvist av dei israelske hæren. Dei stadfestar at det var ei skotveksling mellom soldatar og dei militante palestinarane, etter at soldatane vart angripne.
- Om han vart drepen av ein eksplosiv, så er det ikkje vi som står bak, seier ein talsmann for den israelske hæren. Han trur palestinarane var i ferd med å plassere ut ei bombe, og at ho gjekk av ved eit uhell.
Etter dette vart det skote rakettar mot ei israelsk busetjing i nærleiken. Dette førde igjen til at eit førarlaust israelsk fly, ein drone, avfyrte ein rakett mot palestinarane som stod bak angrepet.
Dette er det første israelske rakettangrepet mot militante palestinarar sidan det vart semje om våpenkvile i februar i år.
Ein av dei to som hadde avfyrt rakettane vart hardt skadd i angrepet, opplyser både israelske og palestinske kjelder.
Uroa i dag truar ei de facto våpenkvile mellom Israel og palestinarane. Hamas seier at Israel ikkje kan rekne med at denne vil vare dersom dei held fram med det gruppa kallar aggresjonen sin mot palestinarane.