– Med innføringa av denne lova, så er det ein draum som går i oppfylling for meg, sa minister for etikk i Uganda, Simon Lokodo, då lova vart vedteken i går. Det skriv den ugandiske avisa Daily Monitor.
Lår, rumpe og bryst ulovleg
Loven har sett seg mål om å redusere pornobruken blant det ugandiske folk, ein bruk som ifølge politikarane har blitt «eit lumsk problem».
Ifølgje Daily Monitor sa leiaren for lov- og parlamentskomitéen i Uganda, Steven Tashobya, at pornografi nører opp under seksuell kriminalitet, inkludert valdtekter og seksuelle overgrep mot barn.
Det finst allereie ugandiske lover som forbyr pornografi, men med den nye lova vil dette klargjerast endå meir. Lova forbyr at bryst, kjønnsorgan, lår og rumpe vert vist i alle delar av samfunnet, som media, teater, film, foto og musikk.
Ein person som bidreg til aktivitetar som kan gjere folk seksuelt opphissa eller føre til moralforfall kan bli straffeforfulgt, heiter det. Lova gjekk gjennom, trass i at nokre parlamentsmedlem meinte at lova grip for mykje inn i rettane til det ugandiske folk.
Også ny «antihomolov»
Uganda har dei siste åra gått i ein konservativ retning kva gjeld seksuell framferd. I dag kom det også ei strengare lov for dei som praktiserer homofil sex, eller dei som ikkje melder frå til politiet om slikt. Livstid i fengsel kan bli utfallet om du har sex med ein av same kjønn.
Tidlegare har også dødsstraff blitt diskutert i det ugandiske parlamentet. Saka har blitt ein kampsak for homofiel verda over, og også norske homoforkjemparar har engasjert seg i det som skjer i Uganda. No reagerar dei med avsky over dagens nye antihomolov.
– Om lova vert effektiv vil det få katastrofale følger. Ikkje berre for lesbiske-, homofile-, bifile- og transpersonar i Uganda, men for alle som kjemper for eit meir demokratisk land der menneskerettane vert respektert, seier Bård Nylund i Landsforeningen for lesbiske og homofile.
Fleire land har varsla sanksjonar og kutt i bistand om lova vert gjennomført.
For tida går det føre seg ei sak i det ugandiske rettssystemet der ein britisk mann er skulda for å ha hatt pornografiske homobilete på datamaskinen som vart stelt frå han.
Den populære jentepopgruppa Obsessions er blant dei som no må ta på seg lengre skjørt om dei ikkje skal bryte den nye lova i Uganda: