Hopp til innhold

Ny tyrkisk statsminister vil styrke presidenten

Påtroppande statsminister Binali Yildirim lovar å jobbe for å få gjennom president Erdogans kontroversielle plan om å innføre eit presidentsystem i landet.

Turkey Politics Binali Yildirim, SemihaYildirim

Yildirim er den einaste nominerte til posten, som mange no ventar blir mindre viktig enn før, om Erdogan får gjennom sine planar om å styrke presidentembetet.

Foto: Riza Ozel / Ap

Tyrkias regjeringsparti utnemnde søndag ettermiddag Yildirim som ny leiar på eit ekstraordinært landsmøte, og no står att berre formalitetar før han blir landets nye statsminister.

Turkey Politics Binali Yildirim, SemihaYildirim, Ahmet Davutoglu, Sare Davutoglu

Tilsynelatande god stemning mellom påtroppande og avtroppande statsminister. Ahmet Davutoglu sa i sin avskjedstale at han ikkje hadde ønska å tre av, men at det å bevare samhaldet i partiet er det viktigaste.

Foto: Riza Ozel / Ap

Utskiftinga skjer etter at avtroppande statsminister Ahmet Davutoglu tidlegare denne månaden kunngjorde at han trekk seg. Davotoglu var tidlegare ein nært alliert av presidenten, men den siste tida har dei vore usamde om ei rekke saker.

Ventar ein meir føyeleg statsminister

Yildirim blir venta å føye seg meir etter Erdogan, og sa i innsettingstala si at han lovar å jobbe for ei endring av grunnlova, til fordel for presidenten.

President i Tyrkia Recep Tayyip Erdogan

-Sjølv om mitt formelle band til AKP tok slutt den dagen eg tok over presidentkontoret, har kjærleiken til partiet aldri teke slutt og det vil den heller aldri gjere, sa Erdogan, som strengt tatt skal vere partiuavhengig, til forsamlinga.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

Erdogan har i lang tid hatt som mål å styrke presidentembetet, men er avhengig av støtte frå parlamentet for å få gjennom dei naudsynte endringane i grunnlova. Fredag stemte nasjonalforsamlinga for å oppheve immuniteten til over 130 av landets folkevalde, som opnar for straffeforfølging av desse.

Det prokurdiske opposisjonspartiet HDP meiner dette spesielt er retta mot dei, og at Erdogan vil bruke dette til å erstatte HDP-parlamentarikarane med meir representantar frå eige og andre parti som vil støtte grunnlovsendringane.

Yildirim og Erdogan – Gamle allierte

Bengali Yildirim (60) kjem frå posten som samferdselsminister, og har vore med i AKP sidan partiet blei grunnlagt i 2001. Men forholdet til presidenten går endå lenger tilbake. Yildirim var sjef for ferjeselskapet i Istanbul på 90-talet då Erdogan var borgarmeister i byen, og har til liks med presidenten utdanninga si frå ein tradisjonell religiøs skule.

Tilhengarar gir han honnør for å ha utvikla store prosjekt innanfor infrastruktur som har gitt økonomien og partiet vind i segla dei siste åra. Kritikarar skuldar han derimot for korrupsjon, skriv Al-Monitor. Han blir omtala som ein teknokrat, og er utdanna sivilingeniør.

Oppfordrar EU til å bestemme seg

Yildirim er også venta å ta Erdogan si side i det spente forholdet til EU, der Davotoglu har vore Tyrkias hovudforhandlar i ei omstridd avtale med EU som gjer at Tyrkia skal ta tilbake flyktningane som prøvar å ta seg til Europa via sjøvegen frå Tyrkia til Hellas.

TOPSHOT-TURKEY-GREECE-EUROPE-MIGRANTS

Tyrkia er eit viktig transittland for flyktningar for Syria og andre land folk flyktar frå i Midtausten og Asia, og har spelt ei nøkkelrolle i EU sitt forsøk på å handsame det som blir omtala som ei flyktningkrise.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Til gjengjeld har tyrkarane blitt lova visafri innreise i Schengen på sikt og fortgang i medlemsforhandlingane med EU, men no heng dette i ein trynn tråd. Ein av grunnane er at Erdogan nektar å endre si breie tolking av terrorisme-omgrepet, som har ført til fengsling av bl.a. journalistar og akademikarar, som blir skulda for å støtte terroristar.

Yildirim oppfordra i talen sin EU til å få slutt på forvirringa rundt eventuelt medlemskap.

– Det er på tide at vi får vite kva EU tenker om Tyrkia, sa Yildirim til partikongressen i dag, og la til at Tyrkia er i stand til å styrke demokrati og menneskerettar både med eller utan Brussel.

SISTE NYTT

Siste nytt