Hopp til innhold

Har oppdaga «bestefaren» til Tyrannosaurus rex

Funnet to kanadiske bønder gjorde i 2010, viste seg å vere ein ny dinosaurart. Ein forgjengar til Tyrannosaurus rex.

Thanatotheristes degrootorum en ny tyrannosaurus

Ei teikning av korleis forskarane trur den nye tyrannosaurarten som er funnen i Canada, kan ha sett ut.

Foto: JULIUS CSOTONYI

Den nye arten har fått namnet Thanatotheristes degrootorum, og skal ha herja i området der den kanadiske provinsen Alberta ligg i dag, 11 millionar år før den meir kjende etterkomaren T. rex gjorde seg gjeldande, melder CBC.

Det er ei forskargruppe ved universitetet i Calgary som har funne den nye arten. Ifølge Jared Voris, som har leia delar av arbeidet, skal den nye tyrannosaurusen ha vore like lang som to bilar etter kvarandre, og nesten to og ein halv meter høg.

Dei publiserte funna sine måndag i Journal of Cretaceous Research.

«Dødsinnhaustaren»

Forskarar som finn fram til nye artar, får også gi arten namn. Første del av namnet kjem av den greske dødsguden Thanatos og det greske ordet for innhausting. Namnet på den nye dinosauren kan difor omsetjast til «dødsinnhaustaren».

– Dyret var ein imponerande skapning i økosystemet han levde i, og var truleg eitt av dei farlegaste rovdyra. Det var hyggeleg å ha eit slags namn som tok opp i seg denne framferda, seier Voris.

Thanatotheristes degrootorum ny tyrannosaurusart

Thanatotheristes har fleire særtrekk som skil han frå andre tyrannosaurar, blant anna fleire riller nedover snuten.

Foto: JULIUS CSOTONYI

Den andre delen av namnet kjem frå dei to gardbrukarane som fann fossilet i 2010. John og Sandra De Groot gjekk langs elvebredda då dei gjorde funnet, og varsla Royal Tyrell Museum som fann ut at det stamma frå ein tyrannosaurus.

Vanskeleg arbeid

Åtte år seinare kom Voris tilfeldig over fossilet då han gjorde undersøkingar til mastergraden sin. Han såg at dette ikkje likna på nokon annan tyrannosaurus han hadde sett.

– Eg byrja å forstå at dette faktisk kunne vere ein ny art, seier han til CBC.

Dei har hatt lite materiale å gå etter i forskinga. Det har gjort arbeidet med å stadfeste den nye arten vanskeleg. Det har stort sett vore restar av kjeven med brotne tenner. Men forskarane meiner likevel det er eit viktig funn.

– Det er den eldste tyrannosaurusen frå Nord-Amerika som vi kjenner til, seier professor Darla Zelensitsky, som har hatt det overordna ansvaret for forskinga, til National Geographic.

Forskarane trur beina etter tyrannosaurusen som blei funnen i Alberta kan ha blitt skylt bort med elva. Men dei vil likevel leite etter fleire leivningar i området i håp om å finne fleire bein som kan gi eit betre bilde av «dødsinnhaustaren».

SISTE NYTT

Siste nytt