Hopp til innhold

Ny svensk minister går

Sveriges ferske kulturminister Cecilia Stego Chilò trekkjer seg, to dagar etter at handelsminister Maria Borelius gjekk av.

Cecilia Stegö Chilo
Foto: LEIF R JANSSON / SCANPIX / SCANPIX

Cecilia Stego Chilò har fått hard medfart i svenske aviser, radio og fjernsyn, etter at det vart kjent at ho ikkje hadde betalt fjernsynslisensen på 16 år.

Ho vart også hardt køyrt fordi ho ikkje visste at ho som kulturminister også har ansvaret for idrett.

Ho har vore statsråd i 10 dagar.

 

Maria Borelius
Foto: LEIF R JANSSON / SCANPIX / SCANPIX

 

"Umogleg å reparere"

I grunngjevinga som er lagt ut på nettsidene til den svenske regjeringa skriv ho blant anna :

"Gjennom å ikkje betale tv-lisens, og ha nytta meg av såkalla svart hushjelp, har eg som statsråd gjort ting som ikkje er akseptable, men som eg på alle måtar har prøvd å rette opp. Ettersom det ikkje er mogleg å rette opp alt innan rimeleg tid, er det ikkje lenger mogleg gjennom eit engasjert og kompetent arbeid å reparere den skaden eg har påført regjeringa".

- Svensk kultur treng fornying, og dei borgarlege treng eit moderne og bevisst kultursyn. Eg ynskjer etterfølgjaren min lukke til i det arbeidet, seier ho vidare.

Dermed har den borgarlege samlingsregjeringa til Fredrik Reinfeldt har gått på ein ny smell. Sist laurdag gjekk handelsminister Maria Borelius av, etter at det kom fram at ho både hadde nytta seg av svart arbeidskraft og kjøpt seg hus gjennom eit stråselskap i eit skatteparadis.

Moderatarna

Både Cecilia Stego Chilò og Maria Borelius kjem frå Fredrik Reinfeldt sitt parti Moderatarna.

Reinfeldt sjølv seier at han godtek Chilò sin avgang, men at han ikkje vil kommenter saka nærmare.

Så seint som 11. oktober, då saka om den manglande tv-lisensen vart kjend, sa statsminister Fredrik Reinfeldt at han framleis hadde tillit til Stego Chliò, trass i at ho hadde gjort noko kritikkverdig.

Internt i Moderatarna var det mange som meinte at avgangen til Borelius laurdag ikkje var nok for å berge æra til den nye regjeringa. Fleire har kravd at også kulturministeren måtte gå.

I går opplyste Tranpsortarbeidarforbundet at Sego Chliò vil bli meld til politiet for brot på skattelovene då ho nytta seg av svart arbeidshjelp.

Konstitusjonskomiteen i Riksdagen førebur også eit utspel mot Reinfeldt for å granske statsministeren sine prosedyrar ved val av personar som skal sitje i regjeringa.

 

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt