NRK Meny
Normal

Nord-Korea vil skyte opp ny langdistanserakett

Nord-Korea kjem til å skyte opp ein langdistanserakett ein gong mellom 10.- og 17. desember, melder det statlege nyheitsbyrået KCNA. Reaksjonane i Sør-Korea er sterke.

Satellittblete av rakettbasen Sohae i Nord-Korea.

Dette satellittbiletet av rakettbasen Sohaen i Nord-Korea er teke 26. november.

Foto: Uncredited / Ap

Dermed er det duka for nye spenning på den koreanske halvøya. Det er presidentval i Sør-Korea 19. desember, og 17. desember er det eitt år sidan den førre leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-il døydde. Det førde sonen Kim Jong-un til makta.

– Alvorleg provokasjon

Kim Jong-un

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har snart vore ved makta i eitt år.

Foto: KCNA / Reuters

Ein talsmann for den sørkoreanske regjeringa seier at ei nordkoreansk rakettoppskyting vil vere ein alvorleg provokasjon, og ei utfordring for det internasjonale samfunnet.

Det statlege nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA seier at rakettoppskytinga berre er til fredelege føremål, og at det er snakk om ein satellitt.

Men både USA og Sør-Korea er overtydde om at det er snakk om test av ein langtrekkjande ballistisk missil. Og at prøveoppskytinga er del av Nord-Koreas planar om å utvikle ein interkontinental ballistisk rakett som kan utstyrast med atomvåpen.

Mislukka oppskyting

I april i år skaut Nord-Korea ut ein langdistanserakett som etter nokre få minutt eksploderte i lufta og styrta i havet . Dette vart sett på som ei audmjuking for Kim Jong-un, sidan det skjedde kort tid etter at han tok over som øvste leiar i diktaturstaten.

Nordkoreansk rakettoppskyting.

Dette biletet er teke før den mislukka nordkoreanske rakettoppskytinga i april i år.

Foto: KYODO / Reuters

KCNA melder at nordkoreanske rakettforskarar no har analysert kva som gjekk gale i april, og at dei har gått grundig til verks for å sikre at den varsla oppskytinga skal bli vellukka.

Også Sør-Korea har varsla ei prøveoppskyting av ein langdistanserakett, men denne vart utsett tidlegare denne veka på grunn av tekniske problem. Landet har ikkje varsla ein ny dato for oppskytinga.

LES OGSÅ: - Prestisjenederlaget er enormt

FN åtvara mot oppskyting

Seinast torsdag åtvara Tryggingsrådet i FN Nord-Korea mot å gjennomføre ein ny test av ein langdistanserakett, og i ei fråsegn frå rådet heiter det at det ville vere «ekstremt lite tilrådeleg».

Meldinga om prøveoppskytinga kjem dagen etter at fleire analytikarar sa til nyheitsbyrået Ap at det faktum av rakettdelar verka å bli frakta inn til ein oppskytingsstad nordvest i landet, kunne vere ein bløff. Meir som å rasle med sablane før det sørkoreanske presidentvalet og før USAs president Barack Obama skal innsetjast for ein ny periode.

LES OGSÅ: Blir han «Årets person» i verda i 2012?

LES OGSÅ: Kim Jong-un kåret til verdens mest sexy mann! Nei da.

LES OGSÅ: Her er Nord-Koreas hemmelige «James Bond-våpen»

LES OGSÅ: – Nord-koreansk minister henrettet for å ha drukket

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt