Hopp til innhold

Ny Putin-kritikar mystisk sjuk

Jegor Gaidar (50), hovudarkitekten bak den russiske overgangen til marknadsøkonomi på 90-talet, er innlagd på sjukehus med ein mystisk sjukdom.

Jegor Gaidar er alvorleg sjuk, men legane har ikkje funne ut kva som feilar han.
Foto: ALEXANDER NATRUSKIN / REUTERS

Gajdar, som i dag er ein sterk kritikar av president Vladimir Putin, vart alvorleg sjuk under eit besøk i Dublin i Irland.

Den tidlegare statsministeren var i landet for å presentere den nye boka si, "Death of the Empire", Imperiets død.

Det er frykt for at den omstridde økonomen er forgifta.

Livstruande

- Han var medvitslaus i tre timar, og han vart teken til sjukehus i Dublin der legane var redde for livet hans, seier dottera Maria Gaidar, som er ein aktiv regimekritikar i Russland.

Maria Gaidar er dotter til tidlegare statsminister Jegor Gaidar.
Foto: ALEXANDER NATRUSKIN / REUTERS

Jegor Gaidar er no innlagd på eit sjukehus i Moskva, og der prøver legane å stille ein diagnose. Det har dei hittil ikkje greidd, og den engelske avisa The Financial Times skriv i dag at Gajdar kan ha vorte forgifta.

Maria Gaidar vil ikkje kommentere dette.

Også Jegor Gaidar sin personlege talsmann Valerij Natarov tonar ned spekulasjonane om forgifting. I eit intervju med den russiske fjernsynskanalen RTR i dag seier han at Gaidar sin tilstand er stabil, og at det er lite truleg at han vart forgifta av folk som ville han vondt.

Jegor Gaidar vart sjuk i Dublin dagen etter at eks-spionen Aleksandr Litvinenko vart innlagd på sjukehus etter å ha blitt forgifta med eit radioaktivt stoff.

- Ikkje naturlege årsaker

Ein tidlegare nær kollega av Jegor Gaidar, Anatolij Tsjubais, seier til nyheitsbyrået Reuters at han tvilar på at den mystiske sjukdomen til Gajdar har naturlege årsaker.

 Han seier også at han ser ein samanheng mellom drapet på den kjende journalisten Anna Politikovskaja, dødsfallet til Aleksander Litvinenko og Jegor Gaidar sin mystiske sjukdom.

Tsjubais, som blant anna var stabssjef hos dåverande president Boris Jeltsin, vart utsett for eit drapsforsøk i Moskva i 2005.

Jegor Gaidar har kritisert politikken til president Vladimir Putin, men han har ikkje vore like hard i kritikken som til dømes Politikovskaja og Litvinenko. Gaidar har særleg kritisert den økonomiske politikken til Putin-administrasjonen.

Omstridd

Gaidar har lenge vore ein svært omstridd person i Russland. Den økonomiske sjokkterapien han sette i verk like etter at Sovjetunionen vart oppløyst, var upopulær hos mange.

 Då han var statsminister i 1992 vart prisereguleringa oppheva, og han stod bak den første store bølgja av privatisering av russisk næringsliv.

Jegor Gaidar er i dag sjef for tenketanken Institutt for økonomi i endring i Moskva. Han har også gitt ut fleire bøker om den økonomiske utvikla i Russland.

SISTE NYTT

Siste nytt