NRK Meny
Normal

Ny president varslar nulltoleranse for vald

Den nye presidenten i Egypt lova å motkjempa terrorisme og å trygga landet då han søndag blei teken i eid.

Abdel Fattah al-Sisi og Adli Mansour

Abdel Fattah al-Sisi (t.v.) blei søndag teken i eid som Egypts nye president. Han overtek embetet etter den mellombelse presidenten Adli Mansour (t.h.).

Foto: HANDOUT / Reuters

– Å motkjempa terror og å trygga landet får topprioritet i tida framover, sa Abdel Fattah al-Sisi då han søndag tok over presidentvervet i Egypt.

Den tidlegare feltmarskalken al-Sisi er dermed den andre valde presidenten i Egypt etter revolusjonen som i 2011 førte til at Hosni Mubarak gjekk av etter 30 år ved makta.

Ber om støtte frå kyrkja

Det var al- Sisi som dåverande hærsjef som i juli i fjor avsette den islamistiske presidenten Mohammed Morsi i eit statskupp og varsla nyval.

Al-Sisi var soleklar favoritt og vann valet i mai med 96.9 prosent oppslutnad mot sin einaste motkandidat, sosialisten Hamdeen Sabbahi. Vestlege stormakter har vist mindre begeistring. Hans bruk av militær intervensjon har skapt frykt for at al-Sisi som president vil bidra til ytterlegare eskalering av den spente situasjonen i Egypt.

Søndag sverja den nye presidenten på å jobba for stabilitet.

– Tida er mogen for å byggja ei meir stabil framtid, sa al-Sisi etter å ha overteke stafettpinnen frå den mellombelse presidenten Adli Mansour.

(Artikkelen held fram under biletet)

Feiring av ny president i Kairo

Egyptarar feira søndag sin nye president på Tahrir-plassen i Kairo.

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Han frir no til den koptiske kyrkja og det prestisjetunge sunnimuslimske Kairo-universitetet Al-Azhar, som han meiner blir særskilt viktige i arbeidet med å sameina folket og stabilisera samfunnet.

Samstundes understrekar den nye presidenten at han vil vera «nådelaus» mot dei som tyr eller har tydd til vald.

– Eg ser mot ein ny epoke tufta på toleranse og forsoning. (..) Dei som har blod på hendene frå uskuldige, søner av Egypt, dei skal ikkje ha ein plass i marsjen vår vidare, sa den ferske presidenten i ein TV-send tale til nasjonen.

Feiring på Tahrir-plassen

Etter at Morsi blei styrta har militante islamistar gjennomført fleire hundre åtak mot tryggingsstyrkane. Styresmaktene meiner Den muslimske brorskapen til Morsi står bak, og har stempla den som ein terrororganisasjon.

Søndagens seremoni var prega av strengt vakthald. Tilhengarar feira med fyrverkeri og flagg ved Tahrir-plassen i Kairo, og det er førebels ikkje rapportert oim valdelege protestar.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP har 1400 mista livet i opptøyar og fleire tusen er fengsla i løpet av den tre år lange politiske uroa i Egypt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt